Serviceskyss

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss.

Serviceskyss er eit transporttilbod i Sogn og Fjordane som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle.

Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentrum.

Dei som vil reise med serviceskyssen, bestiller skyss seinast dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Ein blir henta heime og får skyss frå dør til dør. Køyretøya som vert nytta er universelt utforma.

Oppdatert rutetilbod i Stad kommune finn du her: https://www.skyss.no/reise/rutetider/rutetabellar-buss/serviceskyss-i-sogn-og-fjordane/#stad_kommune

Alle som skal vere med serviceskyssruta må tinge på førehand.

Tinging skjer på telefon 57 86 08 09 seinast kvelden før.

Eigenandel

Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.