Om fagtilbodet

Stad Kulturskule kan per i dag tilby desse faga:

  • Piano. inkl. elektrisk piano
  • Strykeinstrument. Fiolin/Bratsj
  • Gitar. Akustisk, elektrisk og bassgitar
  • Trommer.
  • Messinginstrument
  • Tverrfløyte 
  • Song (frå 13 år og eldre er prioritert!)
  • Visuell kunst
  • Dans. Minidans, barnedans, klassisk, moderne og jazz.
  • Rockeskulen
  • Kor

Sal av tenester

Korps kjøper dirigenttenester og instruktørteneste frå Kulturskulen. Vi har eit liknande rekrutteringstilbod på fele i samarbeid med Vindfylla Spelmannslag.

Aldersgrenser

Kulturskulen er open for alle, men så lenge vi har nok søkjarar på dei ulike tilboda vil barn og ungdom frå 4 til 20 år verte prioritert. Også søkjarar frå andre kommunar kan få plass, men søkjarar frå Stad kommune har prioritet.

På dans har vi klasser der borna kan byrje det året dei fyller 4 år.

På instrumentalopplæring tek vi inn elevar frå og med 1. klasse, men ved stor søking vil dei som er eldre få første prioritet, dersom føresetnadene elles er dei same.

På Visuell kunst gjeld det same som for instrumentalopplæring.

For tilbodet i song er alder viktigaste opptakskriterium. Elevar over 13 år blir prioritert først. Årsak til dette er den fysiske utviklinga til elevane. Yngre søkjarar oppmodar vi om å delta i barnekoret til kulturskulen.

Øvre aldersgrense i alle fag er 20 år, med mindre ein har ledige elevplassar utan yngre elevar på venteliste. Då kan også vaksne elevar få plass.