Re-registrering

Re-registrering er ein prosess vi køyrer kvar vår i april månad. Føresette loggar då inn for å: 

• Registrere om eleven skal halde fram eller slutte på eit fag

• Registrere om eleven skal settast på venteliste til eit nytt fag, eller om han skal strykast frå ventelista i eit fag

• Kontrollere at personopplysningar for elev eller føresette er oppdatert. (døme: sjekke at telefonnummer og e-postadresse er riktig.)

E-post om re-registreringa med informasjon og rettleiing går ut til alle føresette i forkant av at re-registreringa startar opp.