Vilkår og informasjon

Prisar på ulike tilbod finn du fremst i søknadsskjemaet og på kommunen sine heimesider.   

Kulturskulen har utleigeinstrument; strykeinstrument og tverrfløyter (kr. 640 per semester)

Spelar du korpsinstrument, og er anten aspirant eller med i eit korps, får du  som regel leige/disponere instrument av det aktuelle skulekorpset. 

Spelar du piano er det ein føresetnad at du har tilgang til tilfredsstillande øvingsinstrument. Det same gjeld gitar, bass og trommer.

Instrumentalelevane må rekne med utgifter til notar og materiell via fellesavgift for musikkelevar (kr. 180,- pr. semester). Kunstelevane har materialavgift (kr 380,- pr. semester).

Det er ikkje innført kostymeavgift for danseelevane pr. i dag, men dei må påreikne å sjølve dekke alt dei treng av standard utrustning som dansesko, toppar, tights o.l. Meir spesifikke kostymer vil ein kunne låne av kulturskulen. Desse må sjølvsagt leverast inn igjen etter bruk.

Kulturskulen følgjer skuleruta til grunnskulen.

Kulturskulen nyttar SMS-varsling/e-post ved avlyst undervisning. Melding om avlyst undervisning vil ikkje bli gitt på anna måte.

Ved bortfall av timar grunna lærar sitt fråvær, får du fråtrekk i elevkontingenten dersom meir enn tre timar i eit semester har gått ut utan at det er sett inn vikar. 

Alle elevar må re-registrere sin elevplass kvar vår for å få fortsette til hausten på det tilbodet dei har. Melding om dette vil bli gitt frå administrasjonen i god tid før fristen går ut.

Ynskjer du å melde deg ut av kulturskulen, kan dette anten gjerast elektronisk i Speedadmin, eller skrifteleg på e-post til kulturskulen. Utmeldingsfrist for vårsemesteret er 1. desember og for haustsemesteret 1. juni. Melder du deg ut etter fristen må du vere budd på å betale heile eller delar av semesteravgifta.