Selje regionale pilegrimssenter

Pilegrimar med utsikt mot Selje kyrkje  - Klikk for stort bilete Helle Frogner  Det regionale pilegrimssenteret i Selje er eitt av dei fire kystpilegrimssenter langs kystpilegrimsleia, som går frå Egersund til Trondheim.

Pilegrimssenteret er lokalisert i Selje prestegard, som vart opna for publikum i juni 2020. Her får du stempla pilegrimspass, kjøpe souvenirar, bøker og vite meir om kva tilbod som er i Stad kommune og informasjon om nøkkelstadane langs leia i gamle «Sogn og fjordane".

Dei regionale pilegrimssentera skal saman med eit stort nettverk av samarbeidspartar legge til rette for dei gode opplevingane langs pilegrimsleia - St. Olavsvegane til Trondheim.

Selje regionale pilegrimssenter skal bidra med råd og rettleiing for pilegrimar, næringsliv og interessentar knytt til fem nøkkelstadar.

  • Nøkkelstadane

     

Artikkelliste