Abid Raja besøkjer Selja og Selje regionale pilegrimssenter

Abid Raja besøkjer Selja og Selje regionale pilegrimssenter

Jon Frogner Abid Raja besøkte Selja i juni 2020. På Selja fekk ministeren følgje av ordførar, Selje regionale pilegrimssenter, Bjørgvin bispedøme og fleire andre trusamfunn.

Jon Frogner  På vandring frå Bø til klosteret fekk ministeren informasjon om Selja som kyrkjestad og arbeidet med dokumentasjon og restaurering av klosterruinane.  Ministeren fekk også fortalt historia til Sta Sunniva og etableringa av Selja som bispedøme.

Selje regionale pilegrimssenter og Bjørgvin bispedøme fekk også ein prat med ministeren der vi fekk orientert om arbeidet med oppbygginga av Selje pilegrimssenter.

Ministeren var tydeleg berørt av opphaldet på Selja og viste stor interesse for området og historiene som kan forteljast her.