Momskompensasjon

Momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet har 2 ulike ordningar for momskompensasjon.

Momskompensasjon for idrettsanlegg

Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet, og gjeld anlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Dei som fyller vilkåra kan søkje om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar denne ordninga.

Meir infomasjon finn du her: https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-idrettsanlegg/

 

Momskompensasjon generell ordning

Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2019 er grunnlaget for søknaden i 2020.

Meir informasjon finn du her https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/

Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar.

Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknader i midten av september. Søknadsfristen er 1. desember 2022.

Frå og med 15.september opnast det for innlevering av søknadar om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2022.

Søknadsfrist 1.desember 2021

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ordninga for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke momskompensasjon generell ordning