Informasjon frå seksjon for fysisk aktivitet og inkludering, Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune ved seksjon for fysisk aktivitet og inkludering har sendt julehelsing med informasjon om seksjonen for fysisk aktivitet og inkludering og ulike søknadsordningar for 2023.

Seksjon for fysisk aktivitet og inkludering

Som eit resultat av ein organisasjonsgjennomgang i Vestland fylkeskommune, er det oppretta ein ny seksjon for fysisk aktivitet (idrett og friluftsliv) og inkludering (folkehelse og integrering). Det er mange fine og dyktige personar på plass allereie og truleg får vi snart fleire medspelarar på laget. Seksjonen vert leia av Britt Karen Spjeld. Det er mykje som skjer på fagfelta, og vi har samla litt informasjon om ulike tiltak som vi håpar er av relevans for dykk. Del gjerne vidare med dine nettverk som kan ha interesse. 

Budsjett og tilskotsordningar  

Vestland fylkesting vedtok 14. og 15. desember budsjett for 2023. Det er ei god styrking av våre fagfelt m.a. auka driftstilskot til våre regionale samarbeidsorganisasjonar, tilskot til ulike idrettsarrangement og 15 mill. kr i investeringstilskot til Stord Ishall.

Ulike tilskotsordningar innan fysisk aktivitet og inkludering finn de på nettsida til Vestland fylkeskommune, https://www.vestlandfylke.no/tilskot/. Søknadsskjema til dei ulike ordningane vil opne seg om lag ein månad før søknadsfristen.  

Spelemidlar til idretts- og friluftsanlegg

Søknadsfrist 15. januar frå kommunene til fylket. Anleggspolitikk for Vestland fylkeskommune 2020-2024:  Kontaktpersonar: Bjørg Larsen bjorg.larsen@vlfk.no, Atle Skrede atle.skrede@vlfk.no, Rune Åland  rune.aland@vlfk.no og Frank Tore Tveit  frank.tore.farsund.tveit@vlfk.no   

Tilskot til statleg sikring av friluftsområde

Søknadsfrist 15. januar. Kontaktperson Anders Søyland anders.soyland@vlfk.no og Ingrid Melvær ingrid.elisabeth.royseth.melver@vlfk.no  

Tilskot til tilrettelegging av statleg sikra friluftsområde

Søknadsfrist 1. februar. Kontaktperson Anders Søyland anders.soyland@vlfk.no  

Tilskot til friluftslivsaktivitet

Denne tilskotsposten er i statsbudsjett for 2023 føreslått slått saman med posten Tilskot til friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn (tidlegare eiga ordning gjennom Miljødirektoratet). Tilskotsordninga er difor ikkje opna for søknadsåret 2023 på Miljødirektoratet sine sider. Søknadsfrist er truleg 1. februar som før. Vi kjem attende med oppdateringar på våre nettsider så snart dette er avklart.  Kontaktperson: Ingrid Melvær  ingrid.elisabeth.royseth.melver@vlfk.no  

Tilskot til friluftslivets ferdselsårer

Kvar kommune i Vestland kan søke fylkeskommunen om til saman kr 120 000 i tilskot for å lage ein plan for friluftslivets ferdselsårer. I tillegg kan dei kommunane som er ferdig med planen søke om 50 000 kr til gjennomføringa. 34 kommunar er med på prosjektet så langt. 

Søknadsfristen er 15. februar og 1. oktober.  Kontaktperson Anders Søyland, anders.soyland@vlfk.no og Håkon André Halvorsen, Hakon.andre.halvorsen@vlfk.no.   

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Søknadsfrist 15. februar. Kontaktperson: Hanne Espe, hanne.marthe.espe@vlfk.no    

Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap i 2022

Søknadsfrist 15. februar. Kontaktperson Frank Tore Tveit, frank.tore.farsund.tveit@vlfk.no   

Tilskot til drift av skisenter

Det vart i haust lyst ei tilskotsordning for drift av løypekøyring for tur- og langrennsløyper i skianlegg i Vestland. Kvart anlegg kunne søke om inntil kr 50 000. 14 anlegg av 22 søknader fekk tilskot. I 2023 er søknadsfristen for denne ordninga sett til 1. juni. Kontaktpersonar: Atle Skrede atle.skrede@vlfk.no og Rune Åland rune.aland@vlfk.no  

Ro og padleruter i Vestland fylkeskommune 

24 av kommunane i Vestland er no med i ro- og padleprosjektet og har fått tilskot til å kartlegge og gradere ro- og padleruter (enten på eigen hand eller gjennom friluftsråd). Det blei og løyvd tilskot til nokre tilretteleggingstiltak, og Bergen og Omland Friluftsråd er i gang med oppføring av fleire padlehukar. Ny søknadsfrist er 1. oktober. Kontaktpersonar Anders Søyland, anders.soyland@vlfk.no og Håkon André Halvorsen,  Hakon.andre.halvorsen@vlfk.no 

Dagsturhytter  

Det er gledeleg at 56 av 58 dagsturhytter i Vestland no er plass. Heimesida vert fortløpande oppdatert – dagsturhytta.no. I løpet av 2023 kjem siste i Øygarden og Bergen kommune og i tillegg vert det arbeidd med utlysing av anbod på etablering av dagsturhytte i Stad, Sunnfjord og Høyanger kommune. Vestland fylkeskommune gir julegåve til allereie etablerte hytter med eit tilskot til etablering av solcelle-ventilator i hyttene som fleire av hyttene har god erfaring med. Sjå eigen e-post om dette. Kontaktperson: Atle Skrede, atle.skrede@vlfk.no

Nyskapande aktivitetsanlegg 

Vestland fylkeskommune vil stimulere til å utvikle og bygge enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet - nyskapande aktivitetsanlegg. Desse skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar. På nettsida https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/nyskapande-aktivitetsanlegg/ finn de info om prosjektet, kunnskapsgrunnlag og erfaringar. 

Det er vedteke to nye fasar - fase 4 og 5 – som skal lysast ut i mai 2023 og 2024. Rammene for desse fasane blir lagt fram politisk i februar. Fase 4 får søknadsfrist 15. mai. Det blir ny arbeidsverkstad 24. april og det er planlagt ny studietur til Danmark 3.-5. mai. Vi samarbeider godt med danske Lokale og Anlægsfonden, Tverga, Vestland idrettskrets, KS og dei andre aktørane som er knytt til prosjektet. Kontaktpersonar: Hanne Espe  hanne.marthe.espe@vlfk.no og Ingrid Melvær  ingrid.elisabeth.royseth.melver@vlfk.no

E-sport/gaming 

Hovudmålet for strategi for e-sport og gaming i Vestland er å jobbe mot utanforskap, sikre sosial berekraft, og utvikle tilbod i breidde, topp og i vidaregåande opplæring. Fleire avdelingar i fylkeskommunen er involvert i arbeidet. Dette arbeidet blir utvikla i tett samarbeid med Idrettsklynge Vest, gjennom Aktive gamere, og med Vestlandet e-sport, som er blitt ein viktig paraply for miljøet på heile vestlandet. Denne hausten har den andre Aktive Gamere-konferansen vore arrangert i Bergen, og fylkeskommunen har delt ut sitt andre utviklingsstipend innan e-sport. I 2023 skal kroner 310.000 skal delast ut til gode modellar for fysiske møteplassar for e-sport og dataspel i kommunane. Søknadsfrist er 15. mars. I 2022 fekk kommunane Sogndal, Sveio, Høyanger, Gloppen og Stad støtte frå denne ordninga.   

Agenda Vestland og Gjennsidigestiftelsen har løyvd midlar til Vestlandet E-sport og Idrettsklynge Vest til å arbeide for å etablere eit nasjonalt kompetansesenter for dataspel og e-sport. Kontaktperson: Hanne Espe, hanne.marthe.espe@vlfk.no, Pål Hafstad Thorsen, pal.thorsen@idrettsklyngevest.no og Bjørn Inge Nøkling, bjorninge.nokling@aktivegamere.no  

Toppidrett 

Utdeling av heider til idrettsutøvarar frå Vestland er ein hyggeleg førjulstradisjon. I samarbeid med Olympiatoppen Vest og Vestland idrettskrets inviterte vi til ei samling der m.a. fylkesordførar Jon Askeland delte ut ni utviklingsstipend a 40.000 kroner til unge lovande idrettsutøvarar frå klubbar i Vestland. Det var 100 søkjarar fordelt på 19 kommunar til årets stipend. 40 idrettar var representert. I tillegg vart det delt ut heider i form av kunstverk til ni VM-/OL-medaljørar. Kravet er medaljeplassering i senior verdsmeisterskap eller olympiske leikar, samt verdsrekordar eller verdscup samanlagt. Det er utøvarar frå store delar av fylket vårt. På heimesida vår kan de lese meir om kven som mottok stipend og heider: https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2022/likar-a-sparke--fekk-40-000-kroner-i-stipend/ 

Ein idè om å arrangere ein felles “idrettsgalla” for Vestlandet er sådd. Kanskje vi kan utvikle dette saman i 2023? Kontaktperson: Rune Åland rune.aland@vlfk.no   

Planarbeid 

Gjennom året har vi gleda av å få tilsendt ulike kommunale planar på høyring. I 2023 ønskjer vi å ha ekstra fokus på arbeidet med kommunedelplanar/temaplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vi vil gjerne at kommunane inviterer oss inn tidleg i prosessen i arbeidet med nye planar eller rullering av eksisterande. Atle Skrede,  atle.skrede@vlfk.no koordinerer dette arbeidet i seksjonen. 

Takkar for mange gode innspel til regional plan for kultur, idrett og frivilligheit 2023-2035. Vi er no inne i ein intern prosess med gjennomgang av dei innspela som er komen inn. Dette skal etter planen vere ferdig innan desember då ei redaksjonell gruppe skal jobbe med tekst og redigering til ny politisk handsaming som er planlagt i februar.  

Integrering og inkludering

På integrerings- og inkluderingsfeltet har fylkeskommunen oppgåver knytt til blant anna frivilligheit, førebygging av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting, busetting, ulike tilskotsordningar, kvalifiseringsarbeid og samarbeid med regionale sektormyndigheiter og fylkeskommunar. 

Vestland fylkeskommunen har ulike tilskotsordningar til integrering og inkluderingsarbeid. Søknadsfrist for tilskot  til inkludering og mangfald; Etableraropplæring for innvandrarar og Mentor- og traineeordningar for innvandrarar er 1. mars 2022. Søknad frist for å søke Erausmus+ er 10. februar 2022. Kontaktpersonar: Babek Aanosen Hossami, Babek.Aanesen.Hosami@vlfk.no og Shahnaz Shefa Amin, shahnaz.shefa.amin@vlfk.no 

Kurs i Tankevirus

Tankevirus er eit gratis meistringskurs for dei som ønsker å bli meir merksame på eigne tankar. Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer nettbaserte kurs for alle som er i vidaregåande skulealder. Les meir om tilbodet her: Kurs i tankevirus . Kontaktperson Anne Mette Nesje Porten, anne.mette.nesje.porten@vlfk.no. 

Tilskot til frisklivs-, lærings- og meistringstilbod 2023 

Det er vedteke i statsbudsjett ei vidareføring av 21 millionar til støtte til etablering og/eller utvikling av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod for 2023. Vi ventar på fordelingsnøkkel og tildelingsbrev frå Helsedirektoratet, og vil ha ei utlysing i slutten av februar. Kontaktpersonar: Andreas Ask, andreas.ask@vlfk.no og Anne Mette Nesje Porten, anne.mette.nesje.porten@vlfk.no. 

Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling 

I 2022 lyste VLFK ut ei ny ordning med Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling. Ordninga er no evaluert og vurdert å bli vidareført i 2023. Vi forventar å ha klar utlysing i slutten av februar. Kontaktperson Andreas Ask andreas.ask@vlfk.no 

Oppfølging av Handlingsprogram for folkehelse 

29 av 40 tiltak i handlingsprogram for folkehelse er rapportert igangsett, seks tiltak er ikkje rapportert på enno og to tiltak er avslutta. Første rullering av  Handlingsprogram for folkehelse 2022-2025 er planlagt våren 2023, basert på framdrift med tiltak, folkehelseoversikten Vestland og resultat frå kompetansekjøp. Kontaktperson Elisabeth Lofthus Lie, elisabeth.lofthus-lie@vlfk.no. 

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 

I 2022 har om lag 270 tildelingar enten fått utbetalt eller inndratt spelemidlar. Det er totalt utbetalt over 266 mill. kroner til kommunar og frivillige lag og organisasjonar. I tillegg er det inndratt om lag 4,5 mill. kroner som vil bli refordelt i 2023.  

Avslutningsvis minnar vi om Kultur- og likestillingsdepartementet sitt arbeid med ein ny nasjonal plan for idrettsanlegg, og i den samanheng ein gjennomgang av spelemiddelordninga. Innspelsmøte i Vestlandet er 30. januar 2022 kl. 12.00-14.00 på Amalie Skram VGS i Bergen. Det vert og mogleg å delta digitalt. Ein vil og kunne sende inn skriftlege innspel til departementet i etterkant. Vi håpar de nyttar dette høve til å påverke ein særs viktig politikk for anleggsutviklinga i kommunane. På nyåret vil sende dykk meir utfyllande informasjon og påmelding til innspelsmøtet.