Spelemidlar 2022 - Søknadsfrist 01.november 2021

Spelemidlar 2022 - Søknadsfrist 01.november 2021

 

Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar?

 

 

Frist 01.november 2021

- sende inn søknad om spelemidlar 2022

- innspel til handlingsprogrammet 2022-2025 (For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan)

Spelemiddelsøknad 2022

Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no
denne sida vil du finn den informasjon du treng for spelemiddelsøknad med blant anna
- vilkår og krav
- søknadsprosess
- dokumentasjonskrav
- hjelp til utfylling

 

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2021. For tildelinger i 2022.

 

 

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank ID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.

Elektronisk søknadsskjema


 

Anleggsnummer

Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søkar få opp ei liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.

 

Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: arild.vonheim@stad.kommune.no

 

Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist? 

- Husk at du må fornye søknaden. 

- Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.

 

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor: Då vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor: Då må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

 

Innspel til handlingsprogram 2022-2025

Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet 2022-2025 er 01.november 2021.

For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert. 

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet? 
Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget er vedteke inn i ein kommunedelplan. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet: 
· Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg) 
· Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen 
· Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2021-2024 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle? 
Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.

Førre vedteke handlingsprogram til Stad kommune 2021-2024. (PDF, 472 kB) 
Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2021 ligg i dette handlingsprogrammet, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.

Kva må vere med i eit innspel?

  • Informasjon om prosjektet? (mest mogleg informasjon om prosjektet for eksempel oppstartplan, ferdigstilling, kostnadar osv. Dette vil variere då det er ulikt kor langt ein er kome i planlegginga)
  • Kven spelar det inn og har planar om dette anlegget?
  • Kvar skal anlegget ligge? 

 

 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 1. november 2021

Skriftleg innspel sendast til: 

Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, 

Eller e-post: post@stad.kommune.no

Merk med/emnefelt: Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2022-2025

 

Har du spørsmål når det gjeld søknad om spelemidlar eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:

elin.leikanger@stad.kommune.no eller arild.vonheim@stad.kommune.no