Tilskot til kulturbygg frå spelemidlar
Desentralisert ordning for tilskudd til kulturbygg, tilskudd til lokale kulturarenaer, forvaltast av fylkeskommunene.
Dette er ei ordning som er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Det er ulike lokale søknadsfristar i kommunane.
Søknad blir sendt inn gjennom anleggsregisteret, og det er lokal søknadsfrist i kvar kommune. Kommunen går gjennom søknadene for å sjå at dei stettar krava i tilskotsordninga. Er det fleire søknadar i Stad kommune, skal prioriteringslista blir vedtatt politisk.
Søknadane og prioriteringsliste blir oversendt til Vestland fylkeskommune for vidare behandling og endeleg vedtak.
Søknadsfrist i Stad kommune er 31.mars 2022
Meir informasjon finn du her
Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av kulturarenaer med regionale funksjonar og verdi.
Kulturarenaer med regionale funksjonar i Vestland kan søkje tilskot frå ordninga. Kulturarenaen skal ha verdi, storleik og nedslagsfelt som dekker behov utover kommunegrenser, eventuelt også utover fylkesgrensene.
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Søkjarane nyttar ikkje anleggsregisteret, men fylkeskommunen sitt søknadsskjema. Søknadane er del av budsjettarbeidet i Vestland fylkeskommune, og vedtak om tilskot blir gjort av fylkestinget i desember 2022, i samband med budsjettvedtak for 2023
Søknadsfrist 30.april 2022
Meir informasjon finn du her