MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Utviklingsstipend til idrettsutøvarar 2020

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut sju utviklingsstipend à 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. 

Søknadsfrist 1.oktober 2020

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga
•idrettsprestasjonar
•potensial
•planar for vidare satsing innan idrett
•aldersgrupper 16–25 år
•utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Kven kan søkje?

Utøvar, trenar eller særkrets kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema.

Tildeling

Hovudutval for kultur, idrett og integrering tildeler stipenda etter råd frå fylkesrådmannen, og Olympiatoppen gjev råd ved tildelinga.

Rapportering

Mottakarane av stipenda skal innan påfølgjande år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipenda har vore nytta.

 

Søk utviklingsstipend her