Taksering av eigedomar i Stad kommune

Kommunestyret i Stad kommune har vedteke at våningshus (bustadhus på landbrukseigedomar), fritidsbustader og kombinasjonsbygg, skal omtakserast av kommunen, jf. kommunestyresak 24/032. Dette har verknad frå og med 1. januar 2025. I den samanheng skal alle eigedomar som ikkje får utskrive eigedomsskatt etter skatteetaten sin bustadverdi i Stad kommune synfarast og takserast som grunnlag for verdifastsetjinga.

Synfaring av fritid- og landbrukseigedomar

Alle eigedomar skal synfarast utvendig. Dei som ser på eigedomen vil sjekke fakta som er registrert i matrikkelen, eventuelt måle opp bygg utvendig og registrere manglande opplysningar. I tillegg vil dei ta bilete av bygg og dokumentere tilhøve som påverkar verdifastsetjinga. Dei som ser på eigedomen, vil ha på seg gule vestar og legitimere seg med ID-kort.

Du som eigar treng ikkje være til stades under synfaringa. Om du likevel ynskjer å vera til stades, må du melda frå om dette, på e-post til post@stad.kommune.no eller telefon 941 49 827 (telefontid 09:00-11:00 og 12:00-14:00) innan 23. september 2024. Vi vil då ta kontakt med deg i samband med synfaringa.

Om det er konkrete tilhøve du ynskjer skal vurderast, gi oss melding på e-post til post@stad.kommune.no eller telefon 941 49 827 (telefontid 09:00-11:00 og 12:00-14:00) innan XX.XX 2024.

Slik kjem vi fram til den kommunale taksten

Taksten skal svare til omsetningsverdien. Det vil seie den verdien eigedomen ville hatt ved sal på den frie marknaden. Dette er i samsvar med eigedomsskattelova:

Eigedomsskattelova § 8 A-2. Verdet

«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.»

Når eigedomane i Stad kommune vert taksert arbeider vi etter ein anerkjend metode som er nytta av dei fleste kommunar som skriv ut eigedomsskatt. Takst (verdi på eigedomen) vert lagt fram for eigedomsskattetakstnemnda basert på desse opplysningane:

Prosess over eigedomskatt - Klikk for stort bilete

Det er eigedomsskattetakstnemnda som vedtek dei endelege takstane (verdiar) på eigedomane. 

* Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, medrekna bygningar, bustadar og adresser.

Eigedomsregisteret matrikkelen

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle eigedomsregister, med informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustadar og adresser. Det er kommunen som er lokal matrikkelmyndigheit, og som held registra oppdaterte.

Kartverket har utarbeidd ein føringsinstruks for matrikkelen, som seier korleis opplysningane skal registrerast. I motsetnad til Skatteetaten som nyttar primærrom (P-rom) innrapportert av eigar, så registrerer kommunen bruksareal (BRA). Dette er enkelt forklart alt areal innanfor yttervegg, etasje for etasje.

Hovudetasje (H)

Eit plan der underkant dekke er høgare enn 1,5 m over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen, og der den frie breidda i høgde 1,9 m må minst være 1,9 m.

Loft (L)

Eit bilete som inneheld tekst, line, skjermbileteAutomatisk generert skildringEit rom over øvste alminnelege etasje som ikkje oppfyller krava til alminneleg etasje. Fri høgde må vere større eller lik 1,9 m i ei breidde på minst 0,6 m. Loftsarealet vert målt til 0,6 m utanfor høgde på minst 1,9 m.

Illustrasjon av eigedomsetasje - Klikk for stort bilete

Underetasje (U)

Eit plan der underkant dekke eller himling er høgare enn 0,75 m, men ikkje høgare enn 1,5 m over planert gjennomsnittsnivå.

Kjeller (K)

Eit plan der underkant dekke eller himling er høgst 0,75 m over planert terreng i gjennomsnittsnivå rundt bygningen.

Om du vil lese meir om Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, kan du starte her:                                    https://kartverket.no/eiendom/eiendomsinformasjon/matrikkelen/

Generell promillesats

Det er kommunestyret som fastset promillesatsen. For bustad– og fritidseigedomar skal promillesatsen vere mellom 1 og 4.

Retningslinjer for taksering

Kommunestyret i Stad har vald sakkunnig takstnemnd og klagenemnd for eigedomsskatt. Det er sakkunnig takstnemnd som har fått ansvaret for takseringsarbeidet, og som fastset eigedomsskattegrunnlaget på eigedomen. Som eit hjelpemiddel til synfaringa og den påfølgjande takseringa, vil det bli utarbeidd eigne takseringsreglar. Dokumentet vert tilgjengeleg på kommunen si heimeside når det vert endeleg vedteke.

Tidsplan

Synfaring:                                        september til november 2024
Offentleg ettersyn:                        innan 1. mars 2025

Takst og utrekna eigedomsskatt for 2025 vert lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars 2025. Du vil få tilsendt informasjon om taksten på din eigedom og eigedomsskatten du skal betale, samt informasjon om høve til å klage.

Kontaktinfo

Dersom du har fleire spørsmål, kan du ta kontakt med oss på:

E-post: post@stad.kommune.no
Telefon: 941 49 827 (telefontid 09:00- 11:00 og 12:00-14:00)

E-post vil bli handtert og telefonen er berre betjent frå xx. september til xx. september 2024.  

Postadresse:
STAD KOMMUNE
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Merk alle skriftlege førespurnadar med:
Eigedomsskatt
Namn
Telefon – kor me kan treffa deg på dagtid
Gards- og bruksnummer og eventuell vegadresse