Bu- og driveplikt

Formålet med bu- og driveplikta for landbrukseiendomer er i fyrste rekkje å oppretthalde busettinga og sikre at produksjonsareala vert halde i hevd. Bestemmingar om bu- og driveplikt finn ein både i  konsesjonslova og i odelslova.

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Buplikt følgjer direkte av lova når den som har odel eller er nær slekt, blir eigar av ein utbygd eigedom med meir enn 25 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Den enkelte kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader.

Driveplikt

Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Eigfulldyrka jorda, Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt i heile eigartida. 

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigaren driv sjølv eller ved bortleige. I sameiger har kvar einskild sameigar driveplikt.