Gardskart

Gardskartet er samansett informasjon frå fleire kjelder:

>  gards- og bruksnummer for landbrukseigedomen vert henta frå Landbruksregisteret
>  eigedomsgrenser vert henta frå Matrikkelen
>   markslag i AR5 vert henta frå NIBIO.

Det er mogeleg å velje fleire kartlag frå NIBIO og frå andre nasjonale kartleverandørar samt heildekkande kart eller flyfoto i bakgrunnen for gjenkjenning.I tillegg til automatisk arealberekning for landbrukseigedomen har ein i tenesta høve til utskrift, tilgong på teikne-/måleverktøy, høve til å lagre teikning, laste ned teikning som fil, legge til fleire eigedomar og legge til geografiske filer og vise dei i kartet. Les meir i brukarrettleiinga.

Tenesta er tilrettelagt for landbruksforvaltninga og eigarar og brukarar av landbrukseigedomar, men er ope for alle.

Her kjem du til tenesta

Skriv inn kommunenummer 4649 eller kommunenamn Stad.
Deretter gardsnummer, bruksnummer og søk.

OBS: Dersom det er endringar i arealet på det enkelte bruk skal kommunen synfare og endre markslaget i AR5. Endring gjort av kommunen vert synleg i løysinga natta over. Det er spesielt viktig at areala er rette før ein søkjer produksjonstilskot i oktober. Kommunal frist for synfaring og retting er 25. august. Meld frå om arealendring i godt tid før denne datoen.