MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Infovideo om utbrotet i Stad mars 2021

Informasjon om KORONATESTING - Informasjon om VAKSINERING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Tilskot til grøfting

Tilskot til grøfting

Føremålet med tilskotsordninga er å auke kvaliteten på tidlegare drenert jordbruksjord. Tiltak der dreneringa både kan auke jordbruksproduksjonen og redusere faren for vassureining vert prioritert.

Vestland fylke får midlar til dreneringstiltak. Statsforvaltaren fordelar midlane til kommunane ut i frå behov og søknadspågang.

Søknad om tilskot skal sendast til den kommunen der dreneringsarealet ligg. Søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet skal brukast, og grøfteplan med kart og skjema for miljøvurdering eller tilsvarande miljøinformasjon skal leggjast ved.

Søknad 

Søknadsfristen er løpande.

Det er viktg å merke seg at tiltak som er påbyrja ikkje vert omfatta av ordninga. 

Søknadskjema

Kort rettleiar om krav til kart og miljøplan

Regelverk og meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside