Regionalt miljøprogram RMP

Alle føretak i Vestland som er berettiga produksjons- og avløysartilskot kan òg søkje om regionale miljøtilskot, dersom dei oppfyller vilkåra for eitt- eller fleire av tiltaka i ordninga.

Frå Statsforvaltaren i Vestland: Regionalt miljøprogram for Vestland er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. I miljøprogrammet er det definert fylgjande delmål:

  • Eit ope og velstelt kulturlandskap
  • Bratt jordbruksareal i aktiv drift
  • God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
  • Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
  • Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
  • Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
  • Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag

 

Dei regionale miljøtilskota er hovudvirkemidla i miljøprogrammet for å nå delmåla definert over, og dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.

Søknadsfrist: 15. oktober.

For oppdatert liste over tiltak ein kan søkje tilskot for i vår region, sjå: Statsforvaltaren si temaside om RMP. 

Kontaktpersonar i kommunen: Bernt Reed tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter tlf. 979 91 051