Spesielle miljøtiltak i jordbruket og tiltak i beiteområde

Føremålet for Stad kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark. 

SMIL-midlane og tiltak i beiteområde vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.
Sjå strategiplanen for Stad kommune   (PDF, 391 kB)

Kven kan søkje 


SMIL :
Det kan gjevast tilskot til føretak som  driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen. 
Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.


TILTAK I BEITEOMRÅDE :
Beitelag, grunneigarlag, radiobjøllelag m.fl. som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift som set i gong investeringstiltak og/eller planleggings-og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde kan søkje. Andre på visse vilkår. Faste installasjonar som bruer og skiljeanlegg, sperregjerde og elektronisk sporingsutstyr vert prioritert.


Søknadsfrist 1. mars for begge ordningane

Tilskot kan gå til 

  1. Forureiningstiltak
  2. Kulturlandskap 
  3. Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltak
  4. Investeringstiltak for organisert beitebruk

Søknad
Søknadsskjema finn du her

https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket-smil/ https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-til-tiltak-i-beiteomrader/

Orientering om ordningane finn du her (Landbruksdirektoratet)
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk 


Felles for begge ordningane

  1. Søknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn. 
  2. Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.
  3. Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.
  4. For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.
  5. Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting.

For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.


Kontaktpersonar i kommunen
Bernt Reed, tlf 979 91 052
Åse Marie Ravnestad, tlf 979 91 051