Planting

Når ein vel å hogge skog har ein også plikt til å sørge for forynging. Hogstareal må difor plantast att innan 3 år frå hogst. 

 

Plantar kan tingast frå AT skog eller Nortømmer. Dei tek også på seg plantearbeid. Om du ynskjer å plante sjølv, har kommunen planteutstyr til utlån. 

Du kan bruke skogfond til både plantekjøp og sjølve jobben med å plante. Du søkjer på skjema LDIR909, som du finn her:  Du kan også søkje digitalt gjennom Altinn.

Skogeigarar som ønskjer å bruke hogstarealet til innmarksbeite har høve til å gjere det. Arealet vert rekna som skog til det er teke i bruk som innmarksbeite. Planteplikta gjeld til arealet er teke i bruk som beite. Innmarksbeite skal ha minst 50 % dekke med kulturgras eller beitetolande urter, vere rydda for hogstavfall og normalt vere inngjerda.