Barmark

Motorkøyretøy er bil, traktor, motorsykkel, beltebil, snøskuter, firhjuling og liknande.

Motorferdsel på berrmark kan gje varige spor i naturen. Difor er reglane for berrmarkskøyring strengare enn på snødekt mark. Nødvendig transport bør så langt som råd gjerast på snøføre. 

På berrmark kan ein køyre utan søknad når transporten er nødvendig og har eitt av følgjande føremål: 

  • Person- og godstransport til og frå faste bustader 
  • Person- og godstransport i  jordbruks-, skogbruks- og reindriftsnæring. Jakt, fiske og bærsanking er her ikkje rekna som næring
  • Rutetransport som drivast med løyve etter samferdselsloven
  • Transport av jaktutbytte ved jakt på elg og hjort. Transport av jegarar og utstyr er ikkje inkludert 
  • Fiskekultiveringstiltak i offentlig regi

Merk at vegar som ikkje er opparbeidd for køyring med vanleg bil vert rekna som utmark. Traktorveg og sti er utmark, og ein kan ikkje køyre på desse med firhjuling eller anna motorkøyretøy utan at køyringa har eit føremål som har heimel i lovverket.

Søknadspliktig føremål

Ved særlege behov kan kommunen tillate nyttekøyring til andre formål. 
Aktuelle formål kan vere: 

  • Vedhenting
  • Transport av byggemateriale 
  • Tømmertransport for grunneigarar som ikkje har jord- eller skogbruk som næring

Slik søkjer du

Eksterne lenker

Motorferdsellova  
Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark