Informasjon om serveringsløyveAlle som vil drive ein serveringsstad skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og tilhøva er lagt til rette for fortæring på staden. Informasjon om serveringsløyve Når treng du serveringsløyve? Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve. Har du overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert behandla. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. Kvar og kven gjeld løyvet for? Serveringsløyvet gjeld berre for den serveringstaden du har søkt løyve for og den løyvehavaren som står oppført i løyvet. Om du overdreg eller sel serveringsstaden din, må ny eigar søkje nytt løyve innan 30 dagar etter inngått avtale, elles fell løyvet vekk. Ønskjer du å opne ny serveringsstad i tillegg til den du alt har løyve for, må du søkje om nytt løyve for den nye serveringstaden. Du kan ha fleire servierngsløyver. Det er ikkje tidsavgrensing på serveringsløyver. Slik søker du serveringsløyve Den personen/selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av serveringsstaden må sende inn søknad om servingsløyve til kommunen. Du søker om serveringsløyve via elektronisk skjema. Du blir bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er motatt. Du må ha bestått etablererprøve - kunnskapsprøve etter serveringslova. Elektronisk søknadsskjema Vedlegg til søknaden driftskonsept for serveringsstaden firmaattest skatteattest teikning av lokalet inne og ute leigekontrakt på lokale som skal nyttast til servering bekrefting på registrering hos Mattilsynet stadfesting på bestått etablerarprøve Det er gratis å søke om serveringsløyve. Lover og forskrifter Serveringslova Bokføringsforskrifta Publisert27.02.2020 15.38 Sist endra05.05.2020 10.04