MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Skatteetaten overtek skatteoppkrevjaroppgåvene frå 1. nov

Skatteetaten overtek skatteoppkrevjaroppgåvene frå 1. nov

Frå 1. november 2020 overtek Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene frå kommunen. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Oppgåvene som er overført til Skatteetaten er blant anna handsaming av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotsstrekk, arbeidsgjevaravgift, motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.
Du finn meir informasjon på skatteetaten.no. Her kan du finne svar på mange spørsmål og moglegheit for å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager mm via nett. Treng du meir hjelp, kan du kontakte Skatteetaten på telefon 800 80 000.
Publikumsrettleiinga ved skattekontora er no grunna koronasituasjonen kun tilgjengeleg for tilfelle der det er naudsynt med personleg oppmøte. Spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåver vert henvist til skatteetaten.no eller telefon.