Klage på vedtak i byggesak

Er du misnøgd med vedtaket har du klagerett. Klagefristen er vanlegvis tre veker frå du fekk vedtaket. 

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på alle enkeltvedtak i byggesaker. I vedtaket frå kommunen skal det stå noko om klagerett, frist for å klage og kven klagen skal sendast til. 

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen må vere postlagt før fristen går ut. 

  • Har du ikkje fått vedtaket, er fristen tre veker frå du blei kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • For planvedtak som blir offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen. 

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering behandle klagen. Sjå forvaltningslova om å klage på vedtak etter fristen

Kven kan klage?

For at vi skal behandle klagen din, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse. 

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du ha ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Om du har rettsleg klageinteress vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Slik klagar du

Klagen må vere skriftleg og vere sendt til oss som eit vanleg brev eller e-post. 

For å behandle klagen treng vi:

  • Skriv at det er ein klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, til dømes saksnummer eller namnet på saka det gjeld. 
  • Skriv kva tilknyting du har til saka, til dømes at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra. 
  • Om du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at det vert lagt ved klagebrevet. 
  • Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.

Om du ber om at gjennomføring av tiltaket vert stoppa til klagen er avgjort, må du legge ved ei eiga grunngiving for dette (utsett iverksetting av vedtak). 

Kor sender du klagen?

Du kan sende klagen på e-post eller per post. 

  • På e-post: post@stad.kommune.no
  • Per post: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid

Saksbehandlingstid

Vi skal behandle klagen innan åtte veker. 

Om vi ikkje er einige i din klage sender vi klagen vidare til Statsforvaltaren i Vestland. 

Aktuell lov

Forvaltningsloven

Kontakt

Svein Arne Fure
Einingsleiar for plan og forvaltning
E-post
Mobil 90 20 92 34