Bruksendring

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det bygget er godkjent til? Vil du gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove? Eller vil du gjere kontor om til bustad? Då må du søke om bruksendring.

Sjekk først om du må søke om bruksendring

direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke om bruksendring.

Avgrensingar i kommune- eller reguleringsplanar

Det kan vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dersom du ønsker å bruke arealet til noko anna enn det arealplanen seier eller eigedomen er regulert til, må du òg søke om dispensasjon. Dette kan til dømes vere bruksendring frå bustadføremål til næring.

Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Stad kommune eller ved å ta kontakt med oss.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du endrer rombruken frå tilleggsdel til hovuddel innafor same branncelle (til dømes frå bod eller vaskerom til stove, soverom eller liknande).

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit, til dømes ei utleigeleilegheit.
  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bereveggar eller berande golv.
  • Du ønsker å få godkjent ein eksisterande utleigedel som ei sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova.

Har du spørsmål, ta kontakt med byggesaksbehandlar.
 

Kontakt

Roar Sætre
Fagleiar Byggesak
E-post
Telefon 57 88 58 05
Mobil 48 88 71 48

Telefontid tysdag og torsdag 10.00 - 13.00