Dispensasjon

Ein dispensasjon er eit vedtak som inneber at det vert gjeve eit unntak frå reglar gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl). Dispensasjon vil seia at kommunen gjev nokon løyve i ei konkret sak til å byggja eller gjera noko som ikkje er i samsvar med desse reglane. Dispensasjon kan vera varig eller tidsavgrensa.

Hovudregelen er at alt skal byggjast slik at det er i samsvar med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter og arealplanar. Døme på arealplanar er kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplan, reguleringsplan, områdeplan, detaljplan eller bebyggelsesplan. Dei ulike områda i kommunen har ulike planvilkår. Når du skal byggja noko må du difor finna ut kva for vilkår som gjeld for eigedomen du skal byggja på. Kommunen kan gje deg informasjon om dette.

Ingen lover eller reglar kan verta så presist utforma at dei alltid vil verka riktig slik som lovgjevar har avgjort. Det er difor «alltid» naudsynt og viktig å ha ein «tryggleiksventil» slik at lova ikkje rammar tilhøve ein ikkje har ynskt å ramma.

Plan- og bygningslova gjev eit snevert høve til å fråvika vilkåra ved å søkja om dispensasjon.

Dei ulike vilkåra i både lov, forskrift og arealplanar har vorte til gjennom ein omfattande avgjerdsprosess. Det skal difor ikkje vera ei kurant sak å fråvika desse. I nokre tilfelle kan det likevel vera aktuelt å fråvika vilkåra gjennom dispensasjon etter plan- og bygningslova §§ 19-1 til 19-4.