MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Seksjonering av uteareal

Seksjonering av uteareal

Dersom du ønskjer at utearealet i sameiget skal fordelast på eigarseksjonane til eksklusivt bruk, må du søkje om oppmåling av utearealet. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane og kan ikkje endrast på utan samtykke frå eigarane av seksjonane.

Seksjonering av uteareal

Slik søkjer du

Du kan fordele uteareal;

  • Samstundes som du seksjonerer for første gong:
    Her finn du søknadsprosessen for seksjonering.

  • Etter at eigedomen er seksjonert: 
    Her finn du søknadsprosessen for reseksjonering.

Saman med søknaden om seksjonering/ reseksjonering leverer du inn:

  • Søknad om oppmåling

  • Eit situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med tilleggsareal og seksjonsnummer på den seksjonen arealet skal tilhøyre. Du må også skilje tydeleg mellom kva som skal vere tilleggsareal og fellesareal.

Kva skjer vidare

Kommunen vil kalle inn til oppmålingsforretning for oppmåling av utearealet som skal fordelast. Du får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga.

Gjeldande lovverk

Eigarseksjonslova:

Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering 

Matrikkellova:

Plan- og bygningslova: 

Kontakt

Roy Cato Hopland
Ingeniør
E-post
Telefon 57 88 58 69