Berekraftig forvaltning av myr

Stad kommune deltek i forskingsprosjektet REPEAT som handlar om karbonlagringsevne i myr, restaurering av myr og berekraftig planlegging og forvaltning av myr.

Stad-halvøya har store, terrengdekkande myrer. Ulf Rugumayo Amundsen

Verdifulle myrer

Myrer har stor verdi som hekkeplass og matfat for fuglar og som levestad for mange plantar og dyr. Myrene bidreg også med viktige naturgode for oss menneske; dei dempar flaum, reinsar vatn og lagrar karbon. Faktisk er myr den mest karbontette naturtypen, og lagrar meir karbon enn regnskog! 

Det tek tusenvis av år å danne ei myr, for den veks med berre 1 millimeter i året. Ei myr som er 5 m djup kan derfor vere om lag 5000 år gamal.

I myrene kan vi finne kulturhistoriske "arkiv" av pollen frå plantar, gjenstandar og til og med intakte leivningar etter dyr og menneske som er fleire tusen år gamle.

Når det blir gjort inngrep i myr, blir mykje av karbonet frigjort og omdanna til CO2. Dette fører til store klimagassutslepp og forverrar klimaendringane.

Forskingsprosjektet REPEAT

REPEAT er eit internasjonalt og tverrfagleg forskingsprosjekt som er leia av Høgskulen på Vestlandet i samarbeid med Universitetet i Agder. Stad kommune er partner i prosjektet og Okla vindkraftverk på Stadlandet er eitt av studieområda. 

REPEAT står for "REthinking sustainable land use of PEATlands". Prosjektet har som mål å utvikle ny kunnskap om berekraftig planlegging og forvaltning av myr, og formidle denne kunnskapen. Les meir om prosjektet her: 

REPEAT - Høgskulen på Vestlandet

Sjå også presentasjon frå orientering for Utval for areal og eigedom og Utval for kultur, idrett, næring og samfunn den 7. juni 2022:

Orientering om REPEAT

Artikkelliste