Folkets fotavtrykk

Stad kommune er med i utviklinga av eit verktøy for å måle forbruksbaserte klimagassutslepp.

Salt'nWax

Klimagassutslepp frå det private forbruket vårt utgjer ein stor del av dei menneskeskapte klimagassutsleppa globalt. For å nå måla i Parisavtalen om 55 % reduksjon av klimagassutslepp innan 2030, må kvar og ein av oss redusere klimafotavtrykket vårt vesentleg. Ducky utviklar datasett og verktøy som gjer at vi kan følge med på og gjere grep for å redusere dei forbruksbaserte klimagassutsleppa.

På "Folkets fotavtrykk" kan du sjå kva fotavtrykk Stad kommune har per innbyggjar, og samanlikne klimafotavtrykket mellom landsdelar, kommunar og krinsar:

Gå til Folkets fotavtrykk - kart

På Ducky sin klimakalkulator kan du også rekne ut ditt eige klimafotavtrykk, ved å redigere innhaldet under kvar av kategoriane hushaldning, mat, transport, forbruk og energi (tek ca. 5 min.): 

Gå til Ducky sin klimakalkulator

Illustrasjon av Ducky sin klimakalkulator der du kan rekne ut klimafotavtrykket ditt. https://openfootprint.ducky.eco/ - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Ducky sin kalkulator der du kan rekne ut klimafotavtrykket ditt.