Klimakonferanse "til STADes" 2023 - lokale løysingar på ei global utfordring Stad kommune inviterer ungdom i Stad i lag med Eid VGS, Fjordane Folkehøgskule og VENØ kunstgård til klimakonferansen «til STADes». Konferansen skal sette fokus på korleis lokale løysingar kan bidra til å løyse den globale klimautfordringa. I løpet av to dagar vil ungdommane gjennom ulike foredrag og verkstadar lære mellom anna om matsvinn, berekraftig moteindustri, klimatilpassing og mykje meir. Konferansen avsluttast med ein felles klimamesse. Her blir det høve til å delta på «repair kafé», besøke klimautstillinga eller mingle på klimamessa. Når? 13.-14 november Kvar? Operahuset Nordfjord Kven? Ungdom i Stad (Eid VGS, Fjordane FHS, 10. trinn ungdomskule) Programmet og meir info kjem snart! Klimakonferansen blir finansert av Erasmus+ midlar. Publisert 31.08.2023 10.46 Sist endra 01.09.2023 09.14