Verda sine leiarar blir oppmoda til å handle augeblikkeleg. Klimagassutsleppa utgjer ein trussel mot menneske, natur og samfunn. Det er naudsynt med omfattande tiltak – no.
Gjennom internasjonale, nasjonale og regionale mål og føringar har vi forplikta oss til å ta tak i arbeidet med klimagassutslepp. Kommunen kan i sine roller som samfunnsutviklar, myndigheitsutøvar, tenesteytar, innkjøpar av varer og tenester og som forvaltar av eigedomar og bygningar påverkeein rekke ulike klimatiltak, enten fordi kommunen er pådrivar ogtilretteleggar, eller fordi kommunen kan hindre gjennomføringaavtiltak.
Prosjektplan til klimaplan
Vedlegg til prosjektplan - ordforklaringer
Kort om planen
Denne planen skal omhandle korleis vi kan redusere utslepp av klimagassar, og korleis vi kan tilpasse oss til klimaendringane. I tillegg vil vi ha eit særleg fokus på naturmangfald, og korleis vi kan styrke integrering av naturmangfald i klimaarbeidet. Utslepp av klimagassar, tilpassing til klimaendringar, og naturmangfald heng tett saman.
Hovudområda i kommunen sin klimaplan. Kjelde: Vestland FylkeskommuneStatus
Planen er under arbeid.
Planen består av to delar - hovuddokument og kunnskapgsgrunnlag. Begge dokumenta er under arbeid. Kunnskapsgrunnlaget dannar grunnlag for val knytt til strategiske satsingar for framtida. Kunnskapsgrunnlaget handlar om viktige tema og er omfattande med utfyllande kunnskap om utviklingstrekk og satsingar nasjonalt, regionalt og lokalt. Her er både utfordringar og moglegheiter tema.
Hovuddokumentet utgjer sjølve planen. Her konkretiserast mål, strategiar og konkrete handlingar.
Ansvar og mandat
Utarbeiding av planen er forankra i Stad kommune sin planstrategi. Vidare vedtok Stad kommunestyre i Juni 2022 ein strategi for klimaarbeidet samt årshjul og framdriftsplan. Strategien skildrar organisasjonen sin framgangsmåte i klimaarbeidet for å sikre at ein jobbar systematisk og strukturert. Arbeidet med ny klimaplan og oppfølging av det årlege klimabudsjettet står sentralt i dette arbeidet.
Prosjektplanen for klimaplanen blei presentert i kommunestyremøte i september 2023.
Medverknad
Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig.
Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få til ein god plan.
Har du innspel undervegs i planprosessen send inn:
digitalt skjema
Eller send e-post til: post@stad.kommune.no og merk e-posten med 23/3828.
Historikk:
22/2634 - Strategi for klimaarbeid i Stad kommune