Miljøfyrtårn-sertifisering av Stad kommuneKlimaendringar er vår tids største utfordring, og behovet for synlege verkemiddel i klimapolitikken er veksande. Miljøfyrtårn Miljøfyrtårn er eit konkret og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, der føremålet er å heve miljøprestasjonane i eiga verksemd. Stad kommune har byrja arbeidet med å sertifisere den kommunale verksemda etter Miljøfyrtårn sin hovudkontormodell. Dette inneber sertifisering av hovudkontoret (Stad rådhus og kommunehuset i Selje) og vidare alle underliggande einingar i kommunen. Meir om sertifiseringa Formålet med sertifisering Miljøfyrtårnsertifiseringa tek for seg et bredt spekter av tema, som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport og avfall. Vi ønskjer å få ei betre miljøleiing i Stad kommune ved å oppdatere eksisterande rutinar, samt få inn nye rutinar for å tenkje miljø i arbeidskvardagen. Målet er å redusere klima- og miljøbelastning og spare kostnadar. Stad kommune skal vere ein god rollemodell for lokalt næringsliv, organisasjonsliv og befolkning. Å inngå i sertifiseringsordninga Miljøfyrtårn vil òg sikre at reiselivsnæringa kan knytte seg til merkeordninga for berekraftig reisemål. Arbeidsprosessen Sertifiseringa krev eit systematisk og heilskapleg arbeid med miljø, klima og arbeidsmiljø. Miljøfyrtårnarbeidet skal inngå som ein del av kommunen sitt eksisterande styringssystem, og arbeid med klima og miljø. Gjennom heilskapleg og langsiktig arbeid med miljøleiing, skal kommunen gjennom sine verksemder forbetre sine miljøprestasjonar, redusere klimagassutslepp – og bidra til ein berekraftig kommune. Stad kommune startar med å sertifisere hovudkontoret Stad rådhus, og kommunehuset i Selje som pilot. Målet er at dette skal vere klart for godkjenning i april 2024. Når Stad rådhus og kommunehuset i Selje er sertifisert vil arbeidet med å sertifisering av skulane og barnehagane i Stad kommune starte opp hausten 2024. Forankring I samband med sertifiseringsarbeidet av hovudkontoret, har det vore orienteringar i kommunestyret 26.01.24, einingsleiarmøte 13.12.23 (og SKK-møte (kommuneleiinga) i oppstarten av arbeidet i september 2023. Årsrapporten inneheld også informasjon om klima og miljø.Det blir vidare lagt opp til årleg rapportering om arbeidsmiljøet i Arbeidsmiljøutvalet (kommuneleiing) og Administrasjonsutvalet (politisk leiing). Det blir årleg orientert om arbeid med klima, miljø og arbeidsmiljø på kommunestyremøte og einingsleiarmøte i mai, etter innrapportering på Miljøfyrtårn 1. april.Politisk sak juni 2023 (PDF, 170 kB) Medverknad i arbeidet for eit godt miljø Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, og vi ønskjer at du skal ha moglegheit til å kome med innspel på korleis klima- og miljøpåverknaden til verksemdas tenester kan forbetrast. Både innbyggjarar, samarbeidspartnar, lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Gje innspel her Slik blir verksemda di Miljøfyrtårn-sertifisert Kvifor bli Miljøfyrtårn?Miljøfyrtårn passar for alle typer verksemder, og kan bidra til at små og store bedrifter eller organisasjonar blir bærekraftige, oppnår konkurransefortrinn, styrkar merkevaren, kuttar kostnadar, minskar sjukefråveret og får eit anerkjent kvalitetsstempel.Kom i gang med Miljøfyrtårn-sertifiseringFinn ut korleis du går fram for å oppnå sertifisering etter Miljøfyrtårnprogrammet.Få hjelp av ein konsulentKonsulenten sin rolle i Miljøfyrtårn er å guide og rettleie ei verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulenten hjelper til med å etablere nødvendige rutiner og prosedyrar for at verksemda skal oppfylle sertifiseringskriteria. På nettsidene til Miljøfyrtårn kan du søkje på godkjende konsulentar i Stad. Velg kategorien «finn konsulenter» og kommune «Stad». Publisert 20.09.2023 14.52 Sist endra 03.04.2024 22.59