Ressursgruppe for grøn omstillingFøremålet med ressursgruppa er å samordne tiltak og kunnskap om klimaarbeid for Stad kommune opp mot nasjonale og internasjonale klimamål. Ressursgruppa skal ta initiativ til planarbeid og tiltak i Stad kommune for å nå vedtekne klimamål. Ressursgruppa sitt arbeid: Følge opp klimaarbeidet i Stad kommune Delta i ulike interne arbeidsgrupper/prosjektgrupper som handlar om grøn omstilling Koordinere og ha eit samla oversyn over satsingar og tiltak som gjeld klima og grøn omstilling i Stad kommune Vere orientert om Klimasats-midlar, og koordinere søknadar på vegne av Stad kommune Ha ein koordinerande funksjon og vere ein fagleg ressurs i Stad kommune sitt klimaomstillingsarbeid Vere kjend med og koordinere Stad kommune si deltaking i ulike eksterne klimanettverk. Arbeidsgruppa skal også følgje arbeidet knytt til Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse tett og bidra med faglege innspel i dette arbeidet. Ressursgruppa er samansett av fagpersonar frå Kultur og samfunn og Strategi og samordning. Kontaktpersonar: Mirjam Kreisel (Strategi og samordning) Marte Sofie Søreide (Plan og forvaltning) Publisert 03.02.2023 11.53 Sist endra 01.08.2023 08.30