Informasjonsmøte i Moldefjorden og Kjøde 5. januar

Kystverket inviterer innbyggjarane i Kjøde og Moldefjorden til informasjonsmøte torsdag 5. januar. Møta blir som vanleg på Moldestad Grendahus, kl. 17:00-18:30 og på Kjøde skulehus, kl. 19:30-21:00.

Møta vil først og fremst handle om det siste arbeidet som er gjort i høve detaljering og visualisering av tunnelportalane og områda rundt. Dette arbeidet er mellom anna gjort med bakgrunn i innspel frå innbyggarane. Til stades frå Kystverket vil vere ansvarleg for kommunikasjon og samfunnskontakt, Sveinung Nedregotten og prosjektleiar Terje Skjeppestad. Der vil også vere representantar frå Stad kommune.

– Vi har ein del nye planar og illustrasjonar å vise fram, som legg føringar for korleis tunnelportalane og områda rundt vil kome til å sjå ut når skipstunnelen er ferdig, men og korleis områda kan utvikle seg på litt lenger sikt, seier Sveinung Nedregotten, som er ansvarleg for kommunikasjon og samfunnskontakt i Stad-skipstunnelprosjektet.

Målet er å gi innbyggarane som bur tett på tunnelopningane førsterett på ny og viktig informasjon om skipstunnel-prosjektet. I 2022 blei det gjennomført fem slike møte i dei to bygdene rundt tunnelen.