Målet for regjeringa sin regional- og distriktspolitikk er regional balanse gjennom vekstkraft, likeverdige levekår og berekraftige regionar i heile landet, jf. Meld. St. 18 (2016– 2017). Ein desentralisert stat er avhengig av berekraftige regionar med ein samla sett positiv nærings-, bustad- og besøksattraktivitet. Utfordringane for distrikta er venta å bli store, og kan truleg berre løysast gjennom eit tett og strategisk samarbeid på tvers av statlege, regionale og kommunale aktørar og i samarbeid med næringsliv, FOU-miljø og utdanningsarena.
Under punkt 3, Regionale og lokale utfordringar, i denne sluttrapporten blir det peika på at endringar i demografi og manglande tilgang på relevant arbeidskraft blir blant dei største utfordringane til næringslivet i Nordfjord framover. Sluttrapportens punkt 4.2,
Rekrutteringsprosjekt i Nordfjord, og punkt 4.3, Desentralisert utdanning og Campus, viser korleis staten, fylkeskommunen, kommunane, næringslivet og fagskule/høgskule samarbeider som rekruttering og desentralisert utdanning i Nordfjord i dag. Det er eit ønske om å styrke og vidareutvikle dette samarbeidet i piloten.
«Distriktshub Vestland» – kan opprettast i prosjektperioden for «Statens Hus» som ein mellombels, fleksibel distrikts-tenketank og innovasjonsorgan på tvers av privat og offentleg sektor. Det er mogleg å sjå på distriktshub’en som eit innovasjonsorgan for ny distriktspolitikk, tufta på regionen sine komparative fortrinn og framtidige behov innanfor rekruttering og desentralisert utdanning. Prosjektgruppa tilrår at staten som utviklingsaktør og samarbeidspart blir eit eige satsingsområde og delprosjekt i piloten «Statens Hus» i Stad. Følgjande delmål/resultatmål er sett for satsinga:
«Statens Hus» piloten i Stad har utarbeidd og testa ut ein modell som viser korleis piloten Statens hus i distrikta kan vere eit verkty for ny distriktspolitikk knytt til lokalisering av statlege arbeidsplassar, rekruttering, desentralisert utdanning og klynge- og næringsutvikling.