Slik søkjer du barnehageplass, byter eller seier opp

Det er eitt hovudopptak til barnehagane i Stad kommune, med søknadsfrist 1. mars. 
Barnehagane skal ha supplerande opptak gjennom heile året når dei samla ressursane, både økonomisk og personellmessig, for oppvekstsektoren tillèt det.

Barnehageplassar blir tildelt i samsvar med lov om barnehagar m/ føreskrifter, og blir tildelt i løpet av mars. 
Det nye barnehageåret startar opp 15. august. 

Vedtekt for kommunale barnehagar i Stad kommune .pdf (PDF, 201 kB) vart vedtekne av Stad kommunestyre 18.06.26 saksnummer 26/077. 

Slik søker du om barnehageplass

  • Du søker på same plass for alle barnehagane i Stad kommune, også private
  • Du brukar same system for å søke, endre opphaldstid, bytte barnehage eller seie opp barnehageplassen
  • Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar sender du dei per post til: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
     

Søk barnehageplass

Ta kontakt med fagavdelinga for barnehage om du har spørsmål eller treng hjelp til å søke.

Her finn du oversikt over dei kommunale barnehagane i Stad kommune.

Søknadsfrist

  • 1. mars er søknadsfristen til hovudopptaket. Alle nye barn som ønskjer barnehageplass for neste barnehageår, må søkje innan fristen for hovudopptaket. Dei som ønskjer endringar i plass, søkjer også til denne fristen. 
  • Barnehagane skal ha supplerande opptak gjennom heile året når dei samla ressursane, både økonomisk og personellmessig, for oppvekstsektoren tillèt det. 

Når har barnet rett til barnehageplass?

  • Føresette må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars
  • Barn har rett til barnehageplass i tråd med barnehagelova § 16
  • Barn som fyller 1 år seinast innan utgangen av august det året det søkjer om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå august månad. 
  • Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november det året det søker om barnehageplass, har etter søknad, rett til å få plass i barnehage innan utgang av den månaden barnet fyller 1 år. 
  • Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet startar i barnehagen.

Kva skjer om du ikkje har fått plass i dei barnehagane du har valt?

Du vil få tilbod om plass i ein annan barnehage dersom barnet har rett på plass. Du har då to val:

  • Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ein annan barnehage.
  • Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. 

Korleis byte barnehageplass/ endre barnehagetilbod

Du kan søkje om å byte til ein annan barnehage. Frist for å søkje om endring av barnehageplass er 1. mars.   
For å byte plass (til annan barnehage) må du søkje på nytt. Ved overgang til ny barnehage blir tidlegare barnehageplass automatisk sagt opp. 

For å søkje om endring (auke/reduksjon) av barnehageplassen, loggar du inn på foreldreportalen i Vigilo og søkjer om endring. 

Korleis seie opp barnehageplassen

Dersom ein ynskjer å seie opp eller endre barnehageplassen, skal det skje skriftleg. Ein seier opp/søkjer om endring av  barnehageplass via nettstaden: www.vigilo.no.  Plass i barnehagen kan seiast opp/endrast  frå den 1. i kvar månad med minst ein månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen.

Prioritet ved hovudopptak i barnehagane i Stad kommune

  1. Barn som har rett til prioritet ved opptak i samsvar med barnehageloven § 18, prioritert etter alder - eldste først. For opptak etter dette kriteriet skal det føreligge skriftleg vurdering frå sakkunnig instans eller vedtak etter barnevernsloven § 5 -1 første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4 første ledd bokstav b. 
  2. Barn som har plass i den aktuelle barnehagen og som ønskjer auke i plassen.
  3. Barn som har rett på barnehageplass i samsvar med barnehageloven § 16, prioritert etter alder – eldste først, og barn med søsken i same barnehage.

 

Søkjarane som ikkje har rett til plass etter barnehageloven § 16 eller som søkjer etter hovudopptaket, vert registrert på venteliste. Barnehagane skal ha supplerande opptak gjennom heile året når dei samla ressursane, både økonomisk og personellmessig, for oppvekstsektoren tillèt det. Følgjande prosedyre gjeld ved opptak frå venteliste:

  • Identifisere kva barnehage som har ledig plass, og om det er ein plass for barn over eller under tre år som er ledig. 
  • Fastslå kven av søkjarane som har denne barnehagen som førsteval, og alder i samsvar med ledig plass.
  1. Søknadsdato sett opp i mot kven som treng plassen først
  2. Prioritert etter alder – eldste først

Klage på opptak

Foreldre/føresette kan klage på opptaket etter reglar i forvaltningslova.

Kontakt

Anita Sørland Aase
Konsulent
Karin Sandvik Stave
Konsulent