Rammeplan
I følgje rammeplanen skal barnehagen ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling. Barn sitt behov for omsorg og leik skal ivaretakast. Barnehagen skal fremje:
- Danning
- Læring
- Vennskap og fellesskap
- Kommunikasjon og språk
Barnehagen har sju fagområde, som speglar område som har interesse og eigenverdi for barn i barnehagealder. Fagområda skal bidra til å fremme trivsel, allsidig utvikling og helse. Barnehagen skal sjå fagområda i samanheng, og alle fagområda skal vere ein gjennomgåande del av barnehagen sitt innhald.
Vedtekt for kommunale barnehagar i Stad kommune .pdf (PDF, 201 kB)
Handlingsplan for eit godt barnehagemiljø (PDF, 599 kB)
Plan for overgang frå barnehage til skule (PDF, 589 kB)
Barnehagemynde
Barnehagemynde i Stad kommune er leiar av stabseininga strategi og samordning. Barnehagemynde rettleiar og ser til at alle barnehagane i Stad kommune driv i samsvar med gjeldande regelverk (jfr. barnehageloven § 10).
Loven pålegg barnehagemynde å føre tilsyn med barnehagene i kommunen (jfr. barnehageloven § 53 om kommunens tilsyn med barnehagene), og barnehagemyndet kan pålegge barnehagane å rette uforsvarlege eller ulovlege forhold.
Barnehagane sitt samfunnsmandat er regulert gjennom Lov om barnehager (barnehageloven) med forskrifter. Forskrift om Rammeplan for barnehagen har utfyllande bestemmelsar om oppgåver og innhald i barnehagen.
Klage
Du bør som hovudregel ta opp bekymring eller klage med pedagogisk leiar og/ eller styrar, før du eventuelt kontaktar barnehagemyndet. Å løyse ei sak på lavast mogeleg nivå er hensiktsmessig for alle involverte partar. Døme på tema du kan klage på: Utrygt psykososialt barnehagemiljø, vanskeleg samarbeid med barnehagen, bemanningssituasjonen.
Du kan også ta opp generelle problemstillingar i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU).
Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du kontakte barnehagemynde.