Plan for trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagen skal sikre barna eit trygt miljø og skåne dei for fysisk og psykisk skade. Dei tilsette skal ivareta barna, skape eit inkluderande miljø og arbeide for at dagens barnehagebarn ikkje opplever å bli krenka eller kjem til å krenke andre i morgon. Barnehagen skal fremje positive haldningar og arbeide for at negative samhandlingsmønstre ikkje utviklar eller festar seg.

Gjennom haldningsskapande arbeid og konkret handling i samarbeid med heimane skal personalet i barnehagen skape eit trygt, inkluderande og stimulerande barnehagemiljø som førebyggjer krenkingar og mobbing.

Alle som arbeider i barnehagen, skal følgje med på korleis barna i barnehagen har det, og gripe inn når eit barn vert utsett for krenkingar. Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at eit barn blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid:

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie frå til styrar
  • undersøkje det som har skjedd

Styrar har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak slik at barnet igjen får det trygt og godt i barnehagen. Dette blir kalla barnehagen si aktivitetsplikt. Aktivitetsplikta vert utløyst når eit barn/ føresett seier i frå eller ein tilsett får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.

Kva dersom eit barn blir mobba av ein tilsett i barnehagen?

Dersom eit barn opplever å bli mobba eller krenkt av ein tilsett i barnehagen, har barnehagen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Styrar skal då varsle barnehageeigar, som vil følgje opp saka vidare.

Mobbeombod for barnehagebarn i Vestland kan også hjelpe deg, om barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen. 

Artikkelliste