Slik søker du
Du søker om permisjon frå undervisninga ved å sende inn søknadsskjema. Søknadsskjema krev at du loggar deg inn med ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).
Søke om elevpermisjon inntil to veker
Søknadsfrist for skulefri inntil to veker
Søknadsfristen er normalt fire veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Reglar for skulefri inntil to veker
Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at borna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag.
Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11.
Reglar for skulefri utover to veker
Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. Det er då dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er kommunalsjefen for skulane i kommunen som avgjer søknaden om skulefri utover to veker.
Søknad skal sendast til rektor ved skulen, som gjer sin merknad før den blir sendt kommunalsjef for endeleg handsaming.
Søknadsfrist for skulefri utover to veker
Skal eleven søkast ut av grunnskulen er søknadsfristen normalt fire veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen.
Alle søknadar skal vere skriftlege og signerte av forelder / føresette.
Ulovleg fråvær
Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt.