SFO i Stad kommune frå skuleåret 2020/2021 satsar frå 01.01.2021
Betaling
Det vert sendt faktura for plassen den 20. kvar månad. Det vert fakturert for 10 heile månadar i SFO. For august og juni vert det fakturert for halve månadar.
Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO
Kommunen skal etter søknad gje reduksjon i foreldrebetaling for SFO på 1. og 2.årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet dersom:
a) foreldrebetaling for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller
b) der det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet innverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.
Definisjon på hushaldning:
Ein hushaldning er ektefeller, registrerte partnerar eller sambuarar.
Bur barnet fast hos begge foreldra, skal betaling bli utrekna utifrå inntekta til den som har same folkeregistert adresse som barnet.
Søknadsfrist:
For skuleåret 2020/2021 er søknadsfristen den 20. september 2020
Alle søknadane som er mottatt før denne fristen vil gjelde for heile SFO året, altså frå 17.august 2020.
Søknader som kjem inn etter denne fristen blir handsama fortløpande, og vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå heile første månad etter søknadstidspunktet .
Vedtaket gjeld for skuleåret 2020/2021. Ein må sende ny søknad for kvart år.
Betaling for ev kost kan kome i tillegg.
Korleis søkje :
Ein søkjer om redusert foreldrebetaling ved å logge på www.vigilo.no – Føresettportalen, ved å velje Logg inn OAS oppe i høgre hjørne, vel Stad kommune og logg inn med ID-porten.
Som dokumentasjon til skattbar inntekt må ein legge med skattemeldinga for 2019 ( for hushaldninga)
Dersom de ikkje har skattemelding må de legge ved anna dokumentasjon som lønnslipp eller vedtak frå Nav, som viser kva hushaldninga har i skattbar inntekt.
Søknaden blir ikkje handsama før all dokumentasjon er sendt inn.
Her er link til rettleiing som viser korleis ein fyller ut søknad i Vigilo :
https://vigiloskole.zendesk.com/hc/no/articles/360011603339--Web-S%C3%B8ke-om-redusert-betaling
Føreskrift til Opplæringslova – Kapittel 1B Skulefritidsordninga
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724/KAPITTEL_3#KAPITTEL_3