Haugen skule og barnehage skal vere ein god plass å vere og å lære for alle!
Eit nytt barnehage – og skuleår er i gang, og vi som arbeider her på Haugen er spente og forventningsfulle, og vi gler oss til å ta fatt på eit nytt arbeidsår.
Trivsel er viktig – for både små og store. Å gå i barnehage, på skule og å vere ein del av eit fellesskap er kjekt, spanande, lærerikt, og av og til litt utfordrande. For at alle små og store skal ha det trygt og godt hos oss på Haugen, har vi fokus på at vi alle er inkluderande, omsorgsfulle, kjekke og respektfulle overfor kvarandre.
Vidare er eit godt samarbeid med heimen viktig for å skape god trivsel, utvikling og læring. Det er du som føresett som kjenner barnet ditt best, og det er i god dialog og samhandling med deg vi som arbeider på Haugen skule og barnehage på best måte kan tilpasse og legge til rette for akkurat ditt barn. Ditt barnet sitt beste er til ei kvar tid det viktigaste for oss.
Vi håper at alle elevar, føresette og tilsette ved Haugen skule og barnehage vil få eit godt år prega av trivsel, læring, utvikling og godt samarbeid!
Visjon
Haugen skule og barnehage - ein god stad å vere og å lære for alle!