Haugen skule og barnehage Haugen skule og barnehage er eit oppvekstsenter, lokalisert på Haugen, 5 kilometer vest for Nordfjordeid sentrum. Skulen er fulldelt, 1. til 7. trinn, og har ca 70 elevar. Det er åtte lærarar og to assistentar/fagarbeiderar tilsette ved skulen, i tillegg til rektor. Skulen ligg fint plassert med naturen tett på, og vi er så heldige at vi kan velje mellom å gå tur i skogen, på fjellet, til fjorden eller til Klenkarberget stadion når vi ynskjer å legge opp til læringsaktivitetar ute. Skulen tilbyr SFO på 1. – 4. trinn og leksehjelp på 3. – 7. trinn. Visjon Haugen skule og barnehage skal ha eit inkluderande læringsmiljø prega av aksept, tryggleik og lyst. Vi ønskjer at Haugen skule og barnehage skal vere ein god stad å vere og lære for alle. Ingen er like. Vi er alle forskjellige. Vi skal aksepterte andre for den dei er. Vi vil at alle skal kjenne seg trygge og at ingen skal bli plaga eller krenka. Auka trivsel gir inspirasjon og lyst til å lære. Nettside Haugen skule Publisert30.10.2019 19.56 Sist endra30.01.2020 09.58