Om Hjelle skule

Hjelle skule har satsingsområde innanfor opplæring i basisfaga er lese- og rekneverkstad.  Dette er eit tiltak for dei elevane som har behov for ekstra støtte i lesing og rekning.
Vi er ein skule som brukar PALS modellen for å skape eit trygt, positivt og støttande læringsmiljø. PALS-modellen er basert på forskning og kunnskap om kva tiltak som er funksjonelle for å fremje eit trygt læringsmiljø og sosial og skolefaglig kompetanse hos elevane.

Visjon

Vi vil ha eit trygt, positivt og støttande læringsmiljø på alle dei ulike arenaene ved Hjelle skule. 
•    Vi skal ha tydelege reglar, gode rutinar og klare forventningar.
•    Når elevar og lærarar veit kva som er forventa, blir skuledagen føreseieleg og trygg.

Ved Hjelle skule deltek alle, både tilsette, elevar og føresette, aktivt i arbeidet mot mobbing slik at Hjelle skule skal vere ein  trygg skule for alle.