TPO ved Hjelle skule

Mål

Den tilpassa undervisinga skal gje elevane ei undervisning som fører til at dei når sine mål innanfor den ordinære undervisinga.

Ved Hjelle skule tek den tilpassa opplæringa utgangspunkt i kartlegging som vert gjort av kvar einskild elev. Resursane / tilbodet til TPO vert fordelt etter behov og vert tilpassa i løpet av skuleåret. I arbeidet med fordeling og utforming av den tilpassa opplæringa er PPT ein god samarbeidspartner for Hjelle skule. Hensikta med å drive god tilpassa undervisning er at vi skal kunne hjelpe flest mogleg av elevane innafor den ordinære undervisninga. Den tilpassa opplæringa ved Hjelle skule er forankra i Stad kommune sin spesialpedagogiske plan og i kommunedelplanen for skule og barnehage.

Dersom eleven har så store vanskar at den tilpassa opplæringa ikkje dekker behovet vil eleven få tilbod om spesialunderving. Spesialundervisning ved Hjelle skule gjeld tiltak i faga som ikkje kjem inn under tilpassa opplæring.

I dette dokumentet finn du ein oversikt over korleis den tilpassa undervisninga er organisert ved Hjelle skule.

TPO
Fag og omfang Organisering Mål / innhald / arbeidsformer
Norsk lesing 2tx45min 1- 4 kl 2tx45min 5-7 kl pr. veke Leseverkstad. - Undervisning i lita gruppe. - Hjelpe dei elevane som ligger i gråsona. - Tilbodet er tidsavgrensa. Fleire grupper / elever får tilbodet gjennom året. - Leseflyt - Leseforståing - Ordforråd
Matematikk grunnleggande 1tx45min 1-4 kl 1tx45min 5-7 kl pr. veke Matematikkverkstad. - Undervisning i lita gruppe. - Hjelpe dei elevane som ligger i gråsona. - Tilbodet er tidsavgrensa. Fleire grupper / elever får tilbodet gjennom året. - Konkretisering: Pengar, meterstokk klossar, terningar osv. - Dei fire rekneartane - Automatisering o Multiplikasjonstabellen - Tallforståring - Prosedyrekunnskap - Praktisk matematikk
Basisfag - To-lærarsystem for å styrke enkelt elevar i heil klasse eller einetid. - Mindre grupper med tilpassa vanskegrad (høg / lav vanskegrad) og arbeidsmåte i klasse eller på tvers av klassetrinn. Mål for to-lærarsystem: - Elever kan få hyppigare tilbakemeldingar og hjelp til å halde fokus på arbeidsoppgåvene. Eleven kan får støtte når ein bruker ulike arbeidsmetodar. Konkretisering: Pengar, meterstokk klossar, terningar osv. Tema i desse gruppene / einetida kan vere: - Norsk / Engelsk: - Omgrep - Leseforståing - Rettskriving - Grammatikk - Læringsstrategiar - Matematikk: Automatisering av grunnleggjande ferdigheiter - Rekneartane - Prosedyrekunnskap - Gå igjennom lekse til neste dag / tilpasse fagstoffet / bruk av hjelpemiddel. Gje eleven støtte til organisering og planlegging.
Tiltak i basisfag - Elevene skal arbeide med basisdugleikar i faget. - Oppgåvene skal vere tilpassa ut frå kartlegging. Sjå vedlegg «Tiltak i norsk, Tiltak i matematikk og Tiltak engelsk. - Sjå vedlegg.
Generelt TPO- lærar - Eleven kan bruke basis / lettlest versjon av læreverk - Tilbod om lydbøker - Lese støtte og hjelp til å halde konsentrasjon ved prøver. - Tilpassa lekse / leksemengd - Elevane som er i gråsona (oppmeldt / vurdert av PPT) skal ha ein Tilpassa opplæringsplan. - Oppfølging av struktur og orden. - Tilpasse fagstoff og vekeplan til elevens nivå. - Opplæring i bruk av teknikkar og hjelpemiddel. - Samtaler, oppfølging og investering i elever som sliter sosialt eller med åtferd / organisering. Døme: PALS: Sjekk inn / sjekk ut. - Grupper / samtaler for å utvikle den sosiale kompetansen. Døme: PALS: SNAP-grupper.