Om Nordfjordeid skule

Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid og er den største av barneskulane i Stad kommune. Skulen har 311 elevar fordelt på 1.-7. trinn. 1. trinn og 6. trinn er delt i tre klasser, medan dei andre trinna er delt i to klasser. Vi er ein fleirkulturell skule med rundt 70 elevar med anna morsmål enn norsk. Det er ca 60 tilsette på skule og SFO og dei tilsette er organiserte i team. Nordfjordeid skule sin SFO har per no 94 barn.  

Administrasjonen og dei andre tilsette arbeider kvar dag for at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Vi legg vekt på å lære god folkeskikk og høfleg framferd, og at alle skal ha respekt for kvarandre.

Lærarane ved skulen er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. Teama har ansvar for å legge forholda best mogleg til rette for at både elevgrupper og einskildelevar har ein variert og lærerik kvardag.

Det er svært viktig at føresette tek opp saker de lurer på. God dialog mellom heim og skule er heilt avgjerande for at skulen skal utvikle seg. Vi arbeider alle i lag for at elevane ved Nordfjordeid skule skal ha god fagleg og sosial kompetanse. Ei positiv haldning til skulen er grunnlaget i dette arbeidet.

Vi vil gjere vårt beste for at Nordfjordeid skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære, og håpar og trur på godt samarbeid.