Nordfjordeid skule Det er med glede vi ønskjer alle dei 309 elevane våre velkomne til nytt skuleår. Sist skuleår blei prega av koronatiltak, men med godt samarbeid med heimane, kom vi gjennom skuleåret på ein god måte. Smitteverntiltak blir framleis viktig. Skulen følgjer folkehelseinstituttet og kommunen sine retningslinjer for smittevern. Administrasjonen og dei andre tilsette arbeider kvar dag for at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Vi legg vekt på å lære god folkeskikk og høfleg framferd, og at alle skal ha respekt for kvarandre. Lærarane ved skulen er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. Teama har ansvar for å legge forholda best mogleg til rette for at både elevgrupper og einskildelevar har ein variert og lærerik kvardag. Det er svært viktig at føresette tek opp saker de lurer på. God dialog mellom heim og skule er heilt avgjerande for at skulen skal utvikle seg. Vi arbeider alle i lag for at elevane ved Nordfjordeid skule skal ha god fagleg og sosial kompetanse. Ei positiv haldning til skulen er grunnlaget i dette arbeidet. Vi vil gjere vårt beste for at Nordfjordeid skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære, og håpar og trur på godt samarbeid i året som kjem. Infohefte SKULESTART 2022 Versjon for print (PDF, 2 MB) Om Nordfjordeid skule Kontaktinformasjon Skulerute Vigilo - rettleiing til foresatte Skulehelsetenesta Dokument: Regelverk for godt og trygt skulemiljø Ordensreglar (PDF, 268 kB) Bekymringsfullt fråvær (PDF, 167 kB) Referat frå FAU og SU/SMU Foredrag - Adferdsendring (PDF, 2 MB) Elevpermisjon Mobbeombodet i Vestland Råd og utval Bestilling av melkeprodukt og frukt SFO Publisert 11.08.2020 12.45 Sist endra 04.10.2022 11.01