SFO - Delfinen skulefritidsordning

Opningstider

  • Kvar morgon: Kl. 07.30 – 08.50
  • Måndag, tysdag, torsdag og fredag: Kl. 14.30-16.30. Onsdag: Kl. 10.50 – 16.30

Påmelding

Påmelding skjer via Vigilo. Påmeldingsfrist er 10. juni, men det er likevel høve å søkje om plass gjennom skuleåret. Eleven kan då starte på SFO 3 veker etter innsendt søknad. Ein må melde på eleven på nytt kvart skuleår. Påmeldinga er altså ikkje løpande for alle åra inntil ei oppseiing, men krev fornya søknad kvart skuleår.

Oppseiing av plass

Plass i skulefritidsordninga kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen. oppseiingsskjema finn de på www.stad.kommune.no

Feriar

SFO held ope veka før skulestart, og ons-, tors- og fre-dag i haustferieveka og vinterferieveka, så lenge det er minimum 5 påmelde per dag. Opningstida er i feriar kl. 07.30-15.30.  Fristen for påmelding er 3 veker før kvart ferieopphald. Påmeldinga er bindande. De finn elektronisk påmeldingsskjema til feriane på www.stad.kommune.no

Kostpengar:

Elevar som har dag onsdagane på SFO, betalar kr 200 pr. halvår i kostpengar. Vi lagar lunsj til elevane kl. 10.50. Dei treng berre ta med mat til det andre måltidet denne dagen.

Har de spørsmål, ta kontakt:

Kathrine Manseth Bjørnholt

Dagleg leiar v/Definen SFO  Tlf: 95 04 78 52

E-post: kathrine.bjornholt@stad.kommune.no