Hovedportal

Skuleskyss

Skuleskyss

Elevane kan ha rett til skuleskyss på ulike grunnlag. 

Kven kan få tilbodet om gratis skuleskyss?

1. Avstanden mellom heim og skule

  • elevar på 1. årstrinn som bur meir enn 2 km frå skulen
  • elevar på 2. til 10. årstrinn som bur meir enn 4 km frå skulen

2. Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

  • elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss. Dei har òg rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane. 

3. Andre grunnlag

Slik søker du om skuleskyss

Skulen din organiserer all skuleskyss. Alle førsteklassingar får informasjon om dette i oppstartsmøte før skulestart. Du kan så melde inn behovet ditt til skulen.

Eleven får eit skuleskysskort

  • Har eleven rett på skuleskyss får han/ho utdelt eit skuleskysskort i første skuleveka. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og eleven kan ikkje låne det ut til andre. Kortet skal brukast alle åra eleven har rett til gratis skuleskyss.  
  • Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. Dersom turane er brukt opp, må eleven betale reisa sjølv.
  • Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, til utplassering, på fridagar eller i feriar.
  • Dersom eleven mister kortet eller øydelegg det, må de ta kontakt med skulen. I påvente av nytt kort, vil eleven få låne eit reservekort. Reservekortet skal leverast attende til skulen. 

Særskild skyss

  • Elevar som ikkje kan nytte buss kan få godkjend særskild skyssordning. Det må ligge føre ein legeattest eller sakkyndig uttale om kva slags transport eleven treng.
  • Føresette kan mot førehandsgodkjenning transportere eigne barn mot kilometergodtgjersle, eller det kan bli sett opp drosje. All elevskyss blir vurdert som offentleg transport og dermed samordna. Det kan føre til ventetid og/eller ekstra reisetid for elevane.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med skulen din om du har spørsmål om skysstilbodet. 

Kan du klage på skysstilbodet?

Du kan klage på skysstilbodet til barnet ditt. Send klagen til: post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Skyssreglement for Stad kommune (PDF, 2 MB)