Har du fått varsel om feiing?

Ver venleg å les og forstå alle punkta som gjeld deg.

  • Sjekk at spjeld, trekkluker og omnsdører på alle omnar i alle etasjar er stengt, og at det er tett rundt røykrør
  • Ved feiing frå tak må stigen leggast tydeleg fram. Dersom stigen heng på veggen eller ligg i garasjen, vert feiaren usikker på om huseigar har registrert at det er feiedag, og det er ikkje sikkert at det vert feia p.g.a. fare for sot-skadar
  • Om du bur i burettslag e.l. og delar stige med fleire, eller har tilgang til tak rett frå bakken, ber vi om at du varslar oss om at det er klart for feiing på di adresse via SMS. Dette for å unngå feiing utan at det er klart og kanskje sot-skader
  • Sotluka vert tømd dersom den er tilgjengeleg for feiiaren og at du sett fram noko som ein kan tøme soten i
  • Røykrør frå omn til pipe vert feia dersom huseigar vil. Det må vere klargjort og tilstrekkeleg tildekka
  • Sotluke og røykrør må huseigar ta seg av dersom det ikkje er utført av feiar
  • Er det toppmontert stål-skorstein på eldstaden bør innvendig topplate takast ut før feiing for å for sotet ned i omnen. Spør om hjelp om du er usikker
  • Ved feiing frå loft må tilkomst avtalast

Feiing frå tak

Dersom ulykka er ute og feiaren ramlar ned frå ditt tak, uansett årsak, er det ein fordel at desse punkta frå forskriftene er ivaretekne:

  • Stigen når tilstrekkeleg høgt over takrenna/gesimskanten
  • Skli-sikring for stigen på takrenne/gesimskant dersom høgda er 5 meter eller meir
  • Alle typar tak med fall utover, skal ha fastmontert og godkjent takstige/trinn som går  heilt frå nedste kant på taket og opp langs sida på pipa.  (Rett mot, dersom pipa står på andre sida av mønet.)  Er det uråd å få takstige/trinn inntil pipa må der vere godkjent plattform/gangbru.
  • Er pipa høgare enn 1.2 meter frå trinnet nærast pipa, må godkjent plattform monterast slik at arbeidshøgda ikkje vert over 1.2 meter. 

Ønsker du meir informasjon

Artikkelliste