Vanlege spørsmål rundt feiing og branntilsyn Feiing og bustadtilsyn Kven gjeld tenesta for? Tenesta gjeld for innbyggjarar som har byggverk med fyringsanlegg(skorstein og eldstad) Forskrift om brannførebygging §6 Kvifor får vi gebyr kvart år, men det blir ikkje feia kvart år? Feiing og tilsyn har utspring i «Brann og eksplosjonsvernloven» der §11. h. viser at kommuna ved brannvesenet skal sørge for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Vidare er «Forskrift om brannforebygging» den som viser dei pliktene innbyggarar, huseigarar, leigetakarar og kommuner har. Der viser §17 kva kommunen sine plikter er for feiing og tilsyn med fyringsanlegg (eldstad og skorstein). Den er retta inn mot §6 som viser huseigar sine plikter for fyringsanlegg. Det er behov og risiko som styrer kor ofte det skal feiast eller ha tilsyn. I praksis vil det sei at det i hovudsakleg er mengda sot og type sot som førande for feiefrekvens. Fyringsvanar og forholda elles er styrande for tilsynsfrekvensen. Dette fører til at enkelte kan få ofte feiing, men sjeldan tilsyn. Andre kan få ofte tilsyn, men sjelden feiing. Grunnen til dette er å bruke feiaren på rettast mogleg stad for å forbygge brann, og for å verne om liv og materielle verdiar. Feie og tilsynsavgifta er etter sjølvkostprinsippet. og kommunestyret har vedteke ei diffirensiert gebyrløysing. Eigar blir varsla med tekstmelding (sms) Varsel om feiing og tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding (SMS). Dersom det er behov for å avtale meir nøyaktig klokkeslett, ta kontakt med feiaren (sjå tekstmeldinga). Dersom datoen ikkje passar, ta kontakt med feiaren for ny avtale. Får du ikkje varsel om feiing og tilsyn? Bli varslet med sms? Vi brukar sms til å informere om feiing og tilsyn. Har du ikkje fått varsel er det grunna: 1. Din kontaktopplysningar er feil 2. Du har nylig flytta eller bur mellombels på ei anna adresse. 3. Du har mobiltelefon som er registrert på arbeidsgivar. 4. Du har hemmeleg nummer. 5. Du har tilknyting til ei adresse der du ikkje bur. Det finst to ulike register ein kan velje å registrera seg i for at vi skal nå privatpersonar (Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert). www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendelsar frå det offentlege vil føregå her i fremtida. Dette på lik linje med sjølvmeldinga som de kanskje er kjent med frå tidlegare. Bedrifter: Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikke kan hentast frå andre kanalar. Bustadtilsyn Ein person med tilknyttning til bustaden må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at vi vert vist rundt i bustaden. Dette kontrollerer vi: røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømningsvegar om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar I tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og branntryggleik i heimen. Etter besøket får du ein tilsynsrapport. Har du fått varsel om branntilsyn? Vi er etter «Forskrift om brannforebygging § 17», plikta til å feie og å føre tilsyn med ditt fyringsanlegg (eldstad og røykkanal) etter behov. Når vi kjem på branntilsyn i din bustad ser vi på den generelle branntryggleiken i bustaden, med spesielt fokus på skorstein og eldstader der du som eigar har plikter å skjøtte jf. § 6. Dette bør du vite om før vi kjem: Du som huseigar eller person med tilknyting til bustaden må vere tilstades når vi kjem Dersom du ønskjer eit visst klokkeslett tilsynet utførast på eller om du ønskjer å endre dato for tilsynet - ber vi om at du tek kontakt med oss mellom kl 07:30 og kl. 15:00 Å føre tilsyn med din bustad inngår i feieavgifta og vert vanlegvis utført av feiaren i kommunen Brannvesenet avgjer kor ofte vi kjem på tilsyn I etterkant av tilsynet får du tilsendt ein rapport Forskrift om brannforebygging med veiledning Forskrift om brannforebygging med veiledning Feiing frå tak Dersom ulykka er ute og feiaren ramlar ned frå ditt tak, uansett årsak, er det ein fordel at desse punkta frå forskriftene er ivaretekne: Stigen når tilstrekkeleg høgt over takrenna/gesimskanten Skli-sikring for stigen på takrenne/gesimskant dersom høgda er 5 meter eller meir Alle typar tak med fall utover, skal ha fastmontert og godkjent takstige/trinn som går heilt frå nedste kant på taket og opp langs sida på pipa. (Rett mot, dersom pipa står på andre sida av mønet.) Er det uråd å få takstige/trinn inntil pipa må der vere godkjent plattform/gangbru. Er pipa høgare enn 1.2 meter frå trinnet nærast pipa, må godkjent plattform monterast slik at arbeidshøgda ikkje vert over 1.2 meter. Publisert 06.04.2021 14.22 Sist endra 06.04.2021 14.22