Vanlege spørsmål rundt feiing og branntilsyn Kven gjeld tenesta for?Tenesta gjeld for innbyggjarar som har byggverk med fyringsanlegg (skorstein og eldstad)Forskrift om brannførebygging §6Eigar blir varsla med tekstmelding (sms)Varsel om feiing og tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding (SMS).Dersom det er behov for å avtale meir nøyaktig klokkeslett, ta kontakt med feiaren (sjå tekstmelding).Dersom datoen ikkje passar, ta kontakt med feiaren for ny avtale.Får du ikkje varsel om feiing og tilsyn?Varsel om feiing og tilsynVi sender SMS for å varsle deg om feiing og tilsyn.Får du ikkje varsel?Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får SMS:Kontaktopplysningane dine er feil eller utdaterte.Du har nyleg flytta eller bur mellombels på ei anna adresse.Mobilnummeret ditt er registrert på arbeidsgjevaren din.Du har hemmeleg nummer.Du er knytt til ei adresse der du ikkje bur.Sjekk kontaktopplysningane dineDu kan kontrollere og oppdatere kontaktopplysningane dine i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Vi tilrår at du registrerer både mobilnummer og e-postadresse, slik at du kan få varsel når du får digital post frå det offentlege.Kontroller eller oppdater kontaktinformasjonen din på norge.no.Varsling til bedrifterBedrifter må registrere kontaktpersonar og mobilnummer på varslemeg.no for å få varsel. Vi kan ikkje hente telefonnummer til bedrifter frå andre kanalar.Registrer kontaktpersonar på varslemeg.no.BustadtilsynEin person med tilknyttning til bustaden må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at vi vert vist rundt i bustaden.Dette kontrollerer vi:røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømningsvegarom eldstad og skorstein har synlege feil eller manglarI tillegg rettleiar vi deg i spørsmål om fyring og branntryggleik i heimen. Etter besøket får du ein tilsynsrapport.Kva må vere på plass når feiaren kjem?Gje tilbakemelding til feiaren at alt er klart, via tekstmelding, e-post eller skriv ein lapp og heng på døra. Bruk gards- og bruksnummer på tilbakemelding dersom du brukar tekstmelding eller e-post.Parafin-/ oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).Stenge luker, ventilar og spjeld.Hugs å meld frå til leigebuarar.Dersom feiaren skal fjerne sotet frå botnen av pipa. Hugs å setje fram noko egna å ha sotet opp i, og ordne med tilkomst til sotluka. Tilkomst til pipaSet fram godkjent stige. Stigen må vere i metall. I dei tilfelle det er meir enn 5 meter frå bakke til tak må stigen vere festa med godkjent sklisikring. Stigen skal nå frå bakkenivå til cirka 1 meter over takrenna.Sjå til at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen. Er det fleire skorsteinar skal det vere montert gangbru mellom dei, eller trinn til alle skorsteinane.Dersom skorsteinen er over 120 centimeter høg skal den ha feieluke eller plattform.Alle stigar og trinn må vere montert i forhold til monteringsanvisninga. Feiing/tilsyn av feriehus og hytterI Stad kommune vert det obligatorisk feiing og tilsyn med fritidshus/hytter som har innlagt vatn/avløp, straum og veg. Etter kvart vil det bli innført feiing/tilsyn på alle fritidshus/hytter, slik Forskrift om brannførebygging krev.Feiar vil sende ut ei melding med informasjon om når han er i området, og ønskjer kontakt med eigarane for å avtale nærare tid for besøk.Kor ofte ein skal feie, skal vere etter behov, men som oftast er det kvart 4. år.På fritidshus og hytter prøver vi å foreta feiing og tilsyn på same tid. Vi treng tilgang til bygninga, og ser helst at det er eigaren som er med, men det er ikkje eit absolutt krav.Feiing frå takDersom ulykka er ute og feiaren ramlar ned frå ditt tak, uansett årsak, er det ein fordel at desse punkta frå forskriftene er ivaretekne: Stigen når tilstrekkeleg høgt over takrenna/gesimskanten Skli-sikring for stigen på takrenne/gesimskant dersom høgda er 5 meter eller meir Alle typar tak med fall utover, skal ha fastmontert og godkjent takstige/trinn som går heilt frå nedste kant på taket og opp langs sida på pipa. (Rett mot, dersom pipa står på andre sida av mønet.) Er det uråd å få takstige/trinn inntil pipa må der vere godkjent plattform/gangbru. Er pipa høgare enn 1.2 meter frå trinnet nærast pipa, må godkjent plattform monterast slik at arbeidshøgda ikkje vert over 1.2 meter. Forskrift om brannforebygging med rettleiingForskrift om brannforebygging med veildningHar du fått varsel om feiing?Ver venleg å les og forstå alle punkta som gjeld deg. Sjekk at spjeld, trekkluker og omnsdører på alle omnar i alle etasjar er stengt, og at det er tett rundt røykrør Ved feiing frå tak må stigen leggast tydeleg fram. Dersom stigen heng på veggen eller ligg i garasjen, vert feiaren usikker på om huseigar har registrert at det er feiedag, og det er ikkje sikkert at det vert feia p.g.a. fare for sot-skadar Om du bur i burettslag e.l. og delar stige med fleire, eller har tilgang til tak rett frå bakken, ber vi om at du varslar oss om at det er klart for feiing på di adresse via SMS. Dette for å unngå feiing utan at det er klart og kanskje sot-skader Sotluka vert tømd dersom den er tilgjengeleg for feiiaren og at du sett fram noko som ein kan tøme soten i Røykrør frå omn til pipe vert feia dersom huseigar vil. Det må vere klargjort og tilstrekkeleg tildekka Sotluke og røykrør må huseigar ta seg av dersom det ikkje er utført av feiar Er det toppmontert stål-skorstein på eldstaden bør innvendig topplate takast ut før feiing for å for sotet ned i omnen. Spør om hjelp om du er usikker Ved feiing frå loft må tilkomst avtalast Har du fått varsel om branntilsyn? Vi er etter «Forskrift om brannforebygging § 17», plikta til å feie og å føre tilsyn med ditt fyringsanlegg (eldstad og røykkanal) etter behov. Når vi kjem på branntilsyn i din bustad ser vi på den generelle branntryggleiken i bustaden, med spesielt fokus på skorstein og eldstader der du som eigar har plikter å skjøtte jf. § 6. Dette bør du vite om før vi kjem: Du som huseigar eller person med tilknyting til bustaden må vere tilstades når vi kjem Dersom du ønskjer eit visst klokkeslett tilsynet utførast på eller om du ønskjer å endre dato for tilsynet - ber vi om at du tek kontakt med oss mellom kl 07:30 og kl. 15:00 Å føre tilsyn med din bustad inngår i feieavgifta og vert vanlegvis utført av feiaren i kommunen Brannvesenet avgjer kor ofte vi kjem på tilsyn I etterkant av tilsynet får du tilsendt ein rapport Kvifor får vi gebyr kvart år, men det blir ikkje feia kvart år?Feiing og tilsyn har utspring i «Brann og eksplosjonsvernloven» der §11. h. viser at kommuna ved brannvesenet skal sørge for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Vidare er «Forskrift om brannforebygging» den som viser dei pliktene innbyggarar, huseigarar, leigetakarar og kommuner har. Der viser §17 kva kommunen sine plikter er for feiing og tilsyn med fyringsanlegg (eldstad og skorstein). Den er retta inn mot §6 som viser huseigar sine plikter for fyringsanlegg. Det er behov og risiko som styrer kor ofte det skal feiast eller ha tilsyn. I praksis vil det sei at det i hovudsakleg er mengda sot og type sot som førande for feiefrekvens. Fyringsvanar og forholda elles er styrande for tilsynsfrekvensen. Dette fører til at enkelte kan få ofte feiing, men sjeldan tilsyn. Andre kan få ofte tilsyn, men sjelden feiing. Grunnen til dette er å bruke feiaren på rettast mogleg stad for å forbygge brann, og for å verne om liv og materielle verdiar. Feie og tilsynsavgifta er etter sjølvkostprinsippet. og kommunestyret har vedteke ei diffirensiert gebyrløysing. Publisert 06.04.2021 14.22 Sist endra 08.10.2026 15.17