AvkøyrsleløyveAlle avkøyrsler frå offentleg veg skal vere godkjend etter veglova sine §§ 40-43. Du kan ikkje bygge avkøyrsle frå offentleg veg før du har eit godkjend avkøyrsleløyve. For kommunale vegar skal det søkjast om løyve til kommunen. For fylkesvegar skal det søkjast om løyve til Vestland fylkeskommune. For riks- og europavegar skal det søkjast om løyve frå Statens vegvesen. Kommunale vegar Her søkjer du avkøyrsleløyve frå kommunal veg: Til søknad Du må også søkje om endra avkøyrsleløyve dersom du vil endre bruken av avkøyrsla til andre føremål enn det som den er godkjend for. For nytt avkøyrsleløyve eller endring av noverande løyve kan du alternativt nytte digitalt skjema utarbeida av Statens vegvesen. Fylkesvegar For fylkesvegar må det søkjast om avkøyrsleløyve til Vestland fylkeskommune. Europa- og riksvegar For europa- og riksvegar må ein søkje på Statens vegvesen sine skjema. Stad kommune har innført gebyr for avkøyrsleløyve – sjå Gebyr og betalingssatsar Publisert07.08.2020 11.03 Sist endra07.08.2020 12.54